Hopp til innhold

Skulestart blir endra – no må elevar flytte

Vidaregåande skular på Os har endra starttidspunkt på skuledagen med 40 minutt. No vart elevar tvinga til å stå grytidleg opp eller flytte. – Ikkje ein ideell situasjon, seier medlem i ungdomsutval.

Sander Eide Aase, Medlem av ungdomsutvalget i Vestland

USIKKER FRAMTID: Sander Eide Aase, som sit i Vestland sitt ungdomsutval, fryktar at fleire ungdommar på Tysnes må flytte på hybel.

Foto: PRIVAT

SISTE: Fylkesrådmann Rune Haugsdal i Vestland seier til NRK fredag 18. juni at de har valt å utsette endring av starttidspunkt på skuledagen til skuleåret 2022/23. Han erkjenner at dialogen med kommunen burde ha vore betre i forkant. Før endringane vil dei ha god dialog med kommunen for å legge til rette for skuleskyss på ein god måte, ifølge Haugsdal.

– Det får jo den konsekvensen at elevane enten må stå grytidleg opp om morgonen eller så må de flytte på hybel, da er det ganske mange som vel å flytte på hybel.

Det seier Sander Eide Aase (18), som skal begynne i tredjeklasse til hausten.

Han er medlem i Vestland ungdomsutval og stiller seg svært kritisk til nyheita om at dei vidaregåande skulane på Os skal endre starttidspunkt.

– Når du må sjå etter hybel tre dagar før skulen sluttar før ferien, seier han.

Det var Bladet Tysnes som skreiv om saka først.

Sander Eide Aase, medlem ungdomsutval Vestland.

TEK SNØGGBÅT: Sander Eide Aase (18) og andre ungdommar som vil gå på vidaregåande skule på Os, må ta snøggbåt frå Tysnes.

Foto: PRIVAT

Aase håper fylkeskommunen trekker i nødbremsen og endrar planane før skulestart.

– Dersom det ikkje skjer, er det veldig mange Tysnes-ungdommar som går ein usikker framtid i møte, og det er slett ikkje ein ideell situasjon, seier Aase.

20 av 30 tiandeklasselevar i Tysnes hadde søkt seg til vidaregåande skular på Os for å kunne bu heime.

No har skulane endra starttidspunkt med 40 minutt og elevane må flytte i hybel likevel.

Pendlarungdom

Tysnes kommune har ikkje eigen vidaregåande skule. Det betyr at alle elevar som ynskjer vidare utdanning må søkje på skular utanfor kommunegrensa.

Nokre må flytte frå heimstaden og inn på hybel allereie i 15-års alderen.

For mange har løysinga vore dei vidaregåande skulane på Os. Dei ligg med ei slik avstand at det er mogleg å pendle fram og tilbake dagleg med ein snøggbåt.

Snøggbåten "Solundir"

PENDLAR: Mange av ungdommane som bur på Tysnes må pendle til Os med snøggbåt for å gå på vidaregåande.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Om skuledagen skal starte 08.00 og ikkje 08.40 vil ikkje elevane frå Tysnes rekke dei første 40 minutta, fordi båten går frå kaien i Tysnes 07.55.

Båten før der igjen går kl. 0615, som gjer at elevane må vente i over ein time kvar morgon før skulestart.

– Tysnes ein av få kommunar i vårt nærområde utan vidaregåande skule, men vi har eit ungdomsmiljø nettopp fordi elevane har moglegheit til å pendle. Det vil vi ikkje ha lenger dersom alle blir nøydd til å flytte på hybel, seier ordførar i Tysnes Kåre Martin Kleppe.

Kritisk til prosessen

Han meiner at å endre tidspunktet til snøggbåten, slik at avgangen passar med den nye skulekvardagen, ikkje er ei reell løysing.

– Nei, for det er grunnskuleelevar som nyttar den båten for å komme seg til skulen. Dette er et godt integrert kollektivsystem for både vidaregåande- og grunnskuleelevar, seier Kleppe.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H)

KREV SNUOPERASJON: Ordførar Kåre Martin Kleppe i Tysnes kommune meiner Fylkeskommunen må tenkje seg om.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Han stiller seg svært kritisk til fylkeskommunen som har bestemt at dei vidaregåande skulane skulle starte 40 minutt tidlegare enn før.

No har han bedt fylkeskommunen om å sjå på saka på ny.

– Prosessen er under ein kvar kritikk. Her har jo ikkje fylkesadministrasjonen sett konsekvensane av vala dei har tatt, og dei har ikkje vore interessert i å få innspel på kva konsekvensar det kan få heller. Vi har ikkje blitt høyrt i det heile tatt.

Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse Bjørn Lyngedal, seier til NRK at dei jobbar med å greie ut konsekvensar knytt til endringa av skulestart og moglege løysningar, og vil difor ikkje kommentere saka no.