Hopp til innhold

Endeleg tilbake etter skademareritt

Tankane om kor ho hadde vore om ho hadde halde seg skadefri, har i periodar plaga Hege Bakken Wahlquist. Når ho endeleg kjenner at forma er i ferd med å kome tilbake, legg ho dei tankane på hylla.

Hege Bakken Wahlquist

TILBAKE ETTER SKADEMARERITTET: Hege Bakken Wahlquist gler seg over at handballforma nærmar seg der den var før ho vart skadd.

Foto: Peter Tubaas

– Det er veldig godt å vere tilbake. Det har gått framover ei stund no, men samtidig har eg vore frustrert over at handballforma enno ikkje er der den var før eg vart skadd, seier 21-åringen til NRK.no.

Det som skjedde 3. mars 2012 har sett sitt preg på karrieren til den unge handballspelaren. I ein TV-send eliteseriekamp mellom Sola og Stabæk vreid Årdal-jenta kneet ut av ledd. Både korsband og leddband rauk, og Bakken Wahlquist vart sett ut av spel i halvanna år.

– Det var eit veldig sjokk på mange måtar. Handball var det eg dreiv med kvar einaste dag, minnast ho.

Ute i halvanna år

Allereie som ungdom fekk Hege Bakken Wahlquist plass på landslaget, og ho har blitt spådd ei lysande karriere på handballbana. Men debutsesongen med Sola varte berre i 19 kampar. I kampen der ho sette inn sitt 38. mål for sesongen rauk kneet.

I eitt og eit halvt år måtte ho halde seg unna lagsporten som ho har sett høgt så lenge.

– Legane seier at ein er ute av spel i vel ni månader etter operasjonen, men eg fekk beskjed av trenar og støtteapparat om å vente til neste sesong.

– Det var betre å vente litt for lenge, enn å slå opp att skaden og bli vekke dobbelt så lenge, fortel 21-åringen.

(Artikkelen held fram under)

Hege Bakken Wahlquist

LITT ETTER LITT: Hege Bakken Wahlquist har valt å ta tid til hjelp etter at ho øydela kneet for snart to år sidan. Biletet er frå etter operasjonen.

Foto: Privat

Varta opp med kontringsshow

På seinsommaren i fjor var ho endeleg tilbake på handballbana. Då hadde turen gått frå Stavanger og Sola, til Drammen og eliteserielaget Glassverket.

– Eg synst det verka som eit spennande lag som har jobba seg opp med mykje hardt arbeid. Eg er veldig godt nøgd med klubben, seier årdølen.

Og nøgd er ho også med at ho sjølv har funne sin plass på bana igjen. I løpet av hausten har ho blitt stadig betre, og no viser ho at ho er ei lagvennine til å stole på.

I kampen mot Byåsen sist helg varta ho opp med eit aldri så lite kontringsshow.

– Det var veldig godt, vedgår ho og held fram.

– Eg har lurt på om forma eg var i før skaden ville kome tilbake, både fysisk og psykisk, men i det siste har det fungert veldig bra, seier ho.

Har tenkt på korleis det kunne ha vore

Hege Bakken Wahlquist

TØFF DEBUTSESONG: Debutsesongen med Sola vart ikkje slik Bakken Wahlquist hadde tenkt, då ho våren 2012 øydela kneet.

Foto: Privat

For etter eit halvanna år langt skademareritt er det ikkje berre å kaste seg inn att på bana. Frykta for å slå opp att skaden er noko ho har brukt tid å snakke om.

– På kontringar til dømes handlar det om å kaste seg fram, og då kan du ikkje vere redd viss det skal fungere. Så eg har jobba veldig mykje med det, og fått beskjed om ta det steg for steg.

– I det siste har eg sett at eg har tort meir og meir.

I løpet av månadane der ho måtte følgje handballen frå sidelinja tenkte ho aldri på å gje seg med sporten. Likevel, det har blitt tunge tankar innimellom.

– Eg har tenkt ein god del på det som skjedde, spesielt fordi eg følte eg var så godt i gang då eg vart skadd.

– Eg har lurt litt på kor eg hadde vore nivåmessig om det ikkje hadde skjedd… Men det går eigentleg ikkje an å tenkje slik, det er jo ikkje sikkert at eg hadde utvikla meg så veldig mykje uansett.

Har blitt meir bevisst på skaderisiko

No gler ho seg veldig over at kroppen endeleg verkar vere på veg til det gamle toppnivået.

– Når eg merkar at forma er byrja kome tilbake tenkjer eg ikkje så mykje på det, nei, smiler ho.

Ho legg til at ho har blitt mykje meir bevisst på risikoen for skader, og unngår unødig risiko.

– Eg gjer framleis øvingar for kneet og litt for anklar, så eg tenkjer veldig mykje meir på det enn før. Og så får eg til dømes ikkje lov til å spele fotball på oppvarminga, for det kan føre til litt unødig skaderisiko, flirer ho.

Ingen store mål denne sesongen...

Til dagleg går Bakken Walhquist på sjukepleien, eit studium ho starta på i haust. Men mykje av tida går med tid handballen.

Etter ti spelte kampar ligg Glassverket på ein fjerdeplass på tabellen i Postenligaen. 21-åringen frå Årdal håpar ho skal kunne vere med å setje sitt preg på laget, men torer ikkje håpe på noko status som toppskårar. Ikkje heilt enno.

– Denne sesongen er målet å fullføre så godt som eg kan, og prøve bli betre. Eg vil prøve å kome meg tilbake på det nivået eg var før eg vart skadd, så får vi sjå, smiler ho.