Hopp til innhold

Endeleg kan dei fiske!

Laksefisket opna ved midnatt og mange har kosa seg i elvene i fylket natta gjennom.

Bli med Håkon Huseklepp på sesongens første laksefiske i Flekke.

Første kaste i laksesesongen 2013

- Det byrja ganske fint her i natt med fin temperatur og opplett. Men rundt klokka fire vart det regn og litt kaldare, fortel fiskar Svenn Morten Eikeset.

Opningstider i lakseelvane

Ikkje ein einaste fisk
Rugg på 8,6 kilo i Eidselva.

I FJOR: Denne ruggen på 8,6 kilo vart teken i Eidselva i fjor. No håpar fiskarane på liknande fangst i år.

Foto: Geir Harald Fredriksen

Han har vore ute i Eidselva sidan i elleve-tida fredag kveld saman med ein kamerat og sonen sin.

- Han er med for første gong, så det hadde vore kjekt om vi fekk napp, seier han.

For i løpet av natta har ikkje Eikeset fått ein einaste fisk.

Seks henta opp i Eidselva

- Vi har ikkje hatt kjenning på fisk her i det heile teke, men det er andre som har fått. Dei landa to stykker på andre sida av elva her og den eine var på over sju kilo. Kor tung den andre var veit eg enno ikkje.

På Skipenes og på Staten i elva har det også blitt fiska og der skal det etter det Eikeset kjenner til ha blitt landa fire laksar.

- Seks laksar kjenner eg til no laurdag morgon, men to av dei er litt usikre. Vi får sjå når vi kjem utpå føremiddagen og gjer oppteljing.

Ikkje nøgd

Bjarne Huseklepp

SPENT: Bjarne Huseklepp er klar for årets laksefiske, men ikkje nøgd med første natta i Flekkeelva.

Foto: Silje Guddal / NRK

- Er du nøgd med fisket så langt?

- Nei, det er eg ikkje. Eg hadde venta at det skulle bli landa meir enn dette, for vi har sett bra med fisk her dei siste dagane så vi hadde vel litt større forventningar.

Det er ikkje berre i Eidselva at det er blitt fiska natt til laurdag.

I elva Flekkeelva har det vore fleire stenger ute. Men der har fiskarane utfordringar.

Må bruke sluk

- Det er mange stader her vi ikkje kan fiske med fluge, men berre sluk for elva står i ro. Og det er ikkje noko gunstig når det er mørkt å drive å fiske med sluk, fortel kleppar og fiske Bjarne Huseklepp.

Og fisket der har også vore labert gjennom natta.

- Det er teke to laksar her. Vanlegvis ville det vertfall vore ti laksar på land.