– Eg har aldri hatt ein original nasjonalitet. Eg har hatt palestinsk reisedokument, men no har eg eitt pass som seier eg er nordmann. Det betyr veldig mykje, seier palestinaren frå Libanon.
El Hayek er ein av 156 nye statsborgarar i Sogn og Fjordane i år. Dette vart markert med ein seremoni i Førdehuset, leia av Fylkesmannen. Song, taler og eit symbolsk truskapsløfte stod på programmet.
Vil inn i systemet
Det har gått nær åtte år sidan Mohamad kom til Noreg og reiste rett til Florø. I dag jobbar han hos Ewos.
Etter markeringa i dag er han norsk statsborgar. Mohamad El Hayek frå Florø ser det som eit nytt steg i integreringa.
– Valet i haust blir starten min. Eg ynskjer å komme inn i systemet og føle meg som ein som kan velje og gjere landet betre. Vi bur her, og eg vil gjere det eg kan for eit betre land og betre liv, seier han.
– Vi treng dykk
Dei 156 nye statsborgarane kjem frå 37 land. Dei har busett seg i 19 kommunar kring om i fjordfylket. Ordførarane deltok også under seremonien, og åt lunch med sine nye nordmenn etterpå.
Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) frå Sogndal har delteke mange gonger før, og synest det er ei viktig markering.
– Eg synest det er ei ærefull og staseleg markering. Eg er veldig einig i det fylkesmannen sa. Vi treng dei, og det er viktig å ta imot dei på ein bra måte.
Det var fylkesmann Anne Karin Hamre som på vegner av staten ynskte statsborgarane velkomne.
– Vi er glade for at de har valde å leve, arbeide og la borna vekse opp i Noreg og for å medverke til å utvikle samfunnet vårt. Vi treng dykk. Vi treng tankane dykkar, ideane, arbeidskrafta og samværet. Vi treng at de opnar auga våre for det fleirkulturelle og mangfaldige samfunnet som vi alle er ein del av, sa ho i talen sin.