Hopp til innhold

Har varma benken i månadsvis – no vil Kenneth Udjus behalde keeperplassen

– Denne sigeren er alfa og omega. Det står framleis att mykje arbeid, men vi har starta det, seier Kenneth Udjus etter 4-1-sigeren over Haugesund.

Kenneth Udjus tilbake mellom stengene for Sogndal

TILBAKE: Nær to år etter at han reiste frå Sogndal, var Kenneth Udjus (liggande) tilbake mellom stengene for Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Kenneth Udjus var laurdag tilbake mellom stengene han vakta i 2011 og 2012.

Sørlendingen kom i juli på lån frå Lillestrøm, og hadde ikkje stått ein seriekamp sidan nest siste serierunde i fjor då trenar Jonas Olsson gav han tillit.

– Eg har kjempa og stått på lenge, og føler eg har vore tolmodig. Eg vart vist tilliten i dag, og når laget vinn så er det berre heilt fantastisk, seier 31-åringen.

Trengde erfaringa

Assistenttrenar Tom Mangersnes sa før lagnadskampen at keeperbytet ikkje var eit resultat av dårleg spel frå talentfulle Mathias Dyngeland.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er først og fremst fordi Kenneth er vaksen, og har stått i denne situasjonen før. Det har gått ein tid der laget gått i motbakke og vi trur Kenneth sin personlegdom og erfaring kan vere med som eitt bidrag i å lukkast, sa Mangersnes.

Tok ikkje sjansen

Mot Haugesund måtte Udjus hente ein ball ut av nettmaskene. Frå tribuneplass kunne 31-åringen virke nølande då Maic Sema utlikna til 1–1 like før pause.

Etter kampslutt fortel Udjus at han ikkje våga å ruse i motspelaren.

– Han kjem inn på tvers, og eg tek ikkje sjansen på å gå ut og bryte. Eg er livredd for å få raudt kort og straffe i mot, så eg vil heller følgje han. Diverre krasjar Hannu Patronen i meg, og vi går i bakken begge to. Kjedeleg, men herleg at vi slår tilbake, seier han.

Viktig redning

Og det gjorde Sogndal. Ikkje berre ein eller to, men tre gonger. Og sette punktum på ei lang rekkje med kampar – 11 i talet – utan siger. Med 4-1-sigeren dytter Sogndal erkerival, og Udjus sin tidlegare arbeidsgjevar, Brann, ned på nedrykksplass.

Sjølve tek dei over kvalifiseringsplassen. I alle fall til Brann har spelt sin kamp borte mot Odd på søndag.

Udjus håpar på fornya tillit når motstandaren neste helg heiter Vålerenga.

– Eg tykkjer det gjekk bra. Eg er ein rimeleg autoritær person, så eg står no der bak og styrer og krefter. Så fekk eg ei viktig redning på 2-1, seier Udjus og siktar til målscorar Sema si avslutning mellom Tim Nilsen sine avgjerande scoringar etter pausen.

Nøgd Utvik

I midtforsvaret framfor han stod Bjørn Inge Utvik, den einaste haugesundaren på bana som var nøgd med resultatet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Inge Utvik

SPENT: Det vart ein spesiell kamp for Bjørn Inge Utvik. – Eg merka sjølv at eg grubla godt då eg la meg i går kveld og utover dagen i dag. Det var bra kampen vart spelt tidleg og ikkje klokka sju. Då hadde det blitt endå meir grubling i dag, ler Utvik etter møtet med gamle lagkameratar.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Det smakte godt sjølvsagt å vinne mot Haugesund, men først og fremst var dette tre viktige poeng, seier han og ikkje ynskjer å trekkje fram enkeltspelarar i kampen.

Medan Petter Strand vart kåra til Sogndal sin beste spelar av juryen, framhevar den 18 år gamle Utvik heile laget.

– Vi hadde mykje press på skuldrene og måtte vinne i dag. Om ikkje, ville det blitt luke oppover. Så eg tykkjer det er ekstremt bra at vi spelar så bra under eit slikt press, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..