Hopp til innhold

Endeleg er Selje friskmeld

No er kommunen ute av Robek-lista. Dagen vart feira med kake i lunsjen.

Selje rådhus

FRISKE: Torsdag var det kake i lunsjen på rådhuset i Selje. Kommunen kan juble over å vere ute av Robek-lista.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Det kjennest godt. Det er positivt at vi ikkje står på den lista lenger.
Og det er positivt reint omdømmemessig også, seier Selje-ordførar Gunn Helgesen.

Har drive nøkternt...

Torsdag feira dei tilsette i administrasjonen i Selje kommune med kake i lunsjen. For endeleg er Selje ute av Robek-lista, lista over kommunar som er underlagde statleg kontroll.

På det meste var underskotet oppe i 5,3 millionar. Dette er no dekt inn, og kommunen er friskmeld av Fylkesmannen.

- Korleis har de klart dette?

- Det er ein kombinasjon av fleire ting. Men det kjem vel for det første på grunn av nøktern drift. Vi er ein liten administrasjon med fleire vakante stillingar, der fleire oppgåver vert løyste av den einskilde, fortel Helgesen.

... og må halde fram med det

Ordføraren trekkjer fram at også aksjeutbyte frå energiselskapet kommunen er medeigar i har spelt ei viktig rolle. Dessutan har Selje vore nøydd til å kutte i sektorar som skule, pleie og omsorg.

- Korleis skal de klare å halde dykk utanfor lista framover?

- Eg trur ikkje kvardagen blir så mykje annleis. Vi bør halde fram å ha eit stramt budsjett. Det er eit kjempestort etterslep på vedlikehald, men må halde oss nøkterne, seier Helgesen.

I Sogn og Fjordane står framleis tre kommunar på den lite flatterande Robek-lista. Dette er Hyllestad, Vik og Bremanger.