Hopp til innhold

– No kan vi stille raskare, og til alle tider på døgnet

Med den nye båten kan Flora Røde Kors sette ut på redningsoppdrag med større fart, i dårlegare vêr og vere langt betre rusta til å halde aksjonen gåande i timevis, om ikkje dagevis.

Ny båt til Flora Røde Kors

RASK OG SIKKER: Med den nye båten på plass kan Flora Røde Kors Hjelpekorps no drifte ein aksjon om bord over lengre tid. I helga testa mannskapet ut båten i sjøen utanfor Florø.

Foto: Ole Henrik Bakke

Røde Kors

VIKTIG: Espen Aldeholm Rysjedal er svært glad for at båten endeleg er på plass.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Etter store og langvarige aksjonar såg vi at vi hadde behov for ein ny båt. Dette blir eit løft for beredskapen i heile fylket, seier Espen Aldeholm Rysjedal, som er leiar for sjøredningstenesta i hjelpekorpset i Flora Røde Kors.

Hjelpekorpset i Flora har fått stadig fleire oppdrag i eller ved sjøen. Fleire gonger har dei fått merke at båten dei har hatt til no, ein open rib, ikkje har vore optimal.

– Med denne båten kan vi stille raskare, og til alle tider på døgnet, utan at vi må tenkje på å sjøsette ein båt som eigentleg ikkje eignar seg for oppdraget, seier Rysjedal.

Det var Firdaposten som først skreiv at den nye redningsbåten til Flora Røde Korps Hjelpekorps er på plass.

Blir ønskt velkommen

Båten skal vere stasjonert i Florø, og er den einaste lukka båten Røde Kors har i Sogn og Fjordane. Rysjedal understrekar at båten likevel er tenkt brukt på aksjonar og oppdrag over heile fylket.

– Vi jobbar no med å leggje opp ein beredskap, der vi kan ha ei vaktordning slik at vi kan nå ut til fleire både dag og natt. Oppstår det noko i nærleiken kan både politiet og Kystradioen ta kontakt med oss.

Både politiet og Hovudredningssentralen er svært positive til at Røde Kors utvidar båtflåten sin.

– Alle ressursar vi kan ha tilgjengeleg på sjøen er vi særs godt nøgde med, sa Morten Ørn i Vest politidistrikt til NRK tidlegare år.

– – Vi ser at Røde Kors får stadig betre båtar i storleiken små redningsskøyter. Dette er eit løft for beredskapen, sa redningsleiar Nils Ove Sunde ved HRS om båtinvesteringa.

Ny båt til Flora Røde Kors

BEREDSKAPSLØFT FOR HEILE FYLKET: Røde Kors har i dag over 180 båtar over heile landet. Den nye båten i Flora blir den niande av dei som er større og hurtiggåande.

Foto: Ole Henrik Bakke

Skal besøke festivalar i sommar

Rysjedal seier Røde Kors med båten kan hjelpe til i svært mange ulike typar aksjonar. Det kan vere alt frå situasjonar der folk er sakna, til hendingar der lokalmiljø er isolerte eller på anna måte råka av ras.

– Til dømes ved flaumen i Utvik i fjor sommar, der kunne vi med denne ha vore på plass som ein beredskapsbåt.

Båten er lukka og har plass til ti personar. Det er sengeplassar om bord slik at mannskapet kan sove på skift dersom det er behov for det ved langvarige aksjonar.

– Vi vil også jobbe med førebyggande arbeid, så no i sommar vil vi reise mykje rundt på ulike festivalar med båten. Vi kan også oppsøke båtfolket på ein heilt annan måte enn vi gjorde før.

Ny båt til Flora Røde Kors

STOR INVESTERING: Båten har ein totalkostnad på over ein million kroner. Rysjedal takkar både Sparebanken Vest og alle dei lokale bedriftene som har støtta dei økonomisk.

Foto: Espen Aldeholm Rysjedal
Flora Røde Kors sin nye båt

MEIR UTSTYR: Båten er blant anna utstyrt med to søkelys på tapet. Rysjedal seier dei blant anna ønskjer å få på plass varmesøkjande kamera.

Foto: Herman Fjellro/Røde Kors