Hopp til innhold

Endå dyrare for sjukehusaksjonen

Sjukehusaksjonen i Nordfjord må ut med nærare ein million i sakskostnader i samband med rettssaka i Bergen. Dette er 150.000 meir enn det som tidlegare har kome fram.

Svein Hansen

Svein Hansen, leiar for sjukhusaksjonen i Nordfjord, nektar å kommentere saka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjukehusaksjonen i Nordfjord gjekk rettens veg for å prøve å stoppe at den ortopediske avdelinga ved Nordfjord sjukehus skulle leggjast ned. Men nordfjordingane tapte på alle punkt, og den omstridde avdelinga er no historie.

Må ut med 987.000

Sjukehusaksjonen vart også dømt til å betale både sine og motparten sine sakskostnader. Tidlegare har det kome fram at dei samla sakskostnadene er på 840.000 kroner. Men etter at NRK har gått grundig gjennom tala, viser det seg at dei samla kostandene kjem opp 987.000 kroner.

Legg lok på saka

Leiaren for Sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, vil ikkje kommentere at sakskostnadene er langt høgare enn det som tidlegare har kome fram. Han vil heller ikkje kommentere korleis sjukehusaksjonen skal få betalt den kostbare rekninga.

Advokatane jobba 339 timar

Advokatformaet Harris har jobba 339 timar for sjukehusaksjonen i samband med rettssaka i Bergen. Med nokre småutgifter i tillegg skal Harris ha til saman 585.000 kroner. Sjukehusaksjonen må også punge ut 402.000 for Helse Førde sine sakskostnader. Den samla summen blir dermed på 987.000 kroner

Må betalast innan tre veker

Dessverre for sjukehusaksjonen så stoppar ikkje utgiftene med dette. Med reise-og overnattingsutgifter vil dei samla kostnadene i samband med rettssaka i Bergen kome på godt over ein million kroner. Rekninga må betalast innan tre veker. Sjukehusaksjonen har så langt ikkje bestemt seg om saka vil bli anka inn for lagmannsretten.