Hopp til innhold

EM-vinnaren trur lagveninnene fiksar VM-tittelen

Kjerstin Boge Solås (19) heva sjølv EM-trofeet for eitt år sidan. Handball-VM har ho derimot måtte følgje frå godstolen.

Kjerstin Boge Solås i EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

HEVA TROFEET: Kjerstin Boge Solås var med på det norske landslaget som tok EM-gull i fjor. I år må fjalerbuen følgje VM-finalen frå godstolen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det vart allereie i august klart at verdsmeisterskapen i Tyskland ville gå utan Dale-jenta Kjerstin Boge Solås på det norske landslaget.

korsbandet rauk i ein treningskamp for Tertnes , var heile sesongen var spolert.

– Eg har jobba ganske mykje med at eg skulle vere på sidelinja, så det har ikkje vore noko verre enn med ein seriekamp. Det har vore gøy å følgje meisterskapen, seier 19-åringen.

Eigen klasse

Kjerstin Boge Solås gir seg sjølv tommel opp og tommel ned etter skade

SKADD: Kjerstin Boge Solås gav seg sjølv tommelen ned då ho rauk korsbandet i ein treningskamp i august.

Foto: Trude Boge

Bakspelaren vart den yngste landslagsspelaren nokosinne då ho for eitt år sidan meisterskapsdebuterte under EM i Sverige. Då gjekk Norge heile vegen og til slutt slo Nederland i ein svært jamn finale.

I år som i fjor har Nora Mørk herja med motstandarane og ser ut til å smurfe inn toppscorartittelen. Bakarst har Norge keeperen med høgast redningsprosent i meisterskapen, Katrine Lunde.

Laster innhold, vennligst vent..

– Med tap berre for Sverige, så har det eigentleg gått over all forventing. Det har av og til sett ut som om dei møter motstand frå ein lågare divisjon, seier Boge Solås.

Har trua på Norge

Dale-jenta trur landslagsveninnene også fiksar biffen når VM-trofeet skal delast ut i Barclaycard Arena i Hamburg. Motstandar er Frankrike.

– Eg har god trua på Norge. Eg trur det skal gå fint, seier Boge Solås og seier nervane er under god kontroll.

– Sjølvsagt skulle eg helst vore med sjølv og det kriblar litt i armar og bein, seier ho.

God progresjon

Det har gått fire månader sidan ho vart operert for kneskaden, og ho meiner progresjonen både er god og som venta. No er ho byrja å vere med på treningane med klubbveninnene i Tertnes.

– Eg byrja tidleg å trene styrke på resten av kroppen. No står eg litt keeper på oppvarminga, kastar litt og skyt for meg sjølv. Eg får eigentleg gjort ganske mykje, seier ho og er usikker på når ho kan ta større del i treninga.

– Det er betre å ta små steg enn å ta store steg og få tilbakefall. Det handlar om å vere tolmodig og høyre etter kva kroppen seier, held ho fram.

– Og så får vi sjå deg i neste meisterskap med Norge?

– Det er lenger fram, så det står att å sjå. Det er veldig mange gode spelarar, og det er tøft å komme tilbake etter skade. Men eg vil gjere det eg kan.

HØYR: Handballfinalen kan du høyre på NRK Sport eller P1 frå klokka 1725.