Hopp til innhold

Løftar tonnevis for å få alt klart til EM

FØRDE (NRK): Aldri før har EM i vektløfting blitt arrangert av ein så liten klubb. Bak meisterskapen i Sunnfjord står 300 frivillige.

Dugnadstimar ligg bak EM i vektløfting i Førde

TEK FERIE FOR Å JOBBE MED EM: Mange av dei frivillige har teke seg fri frå sine vanlege jobbar for å bidra til at EM i vektløfting kan gå av stabelen i Førde den komande veka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det blir nokre tonn, seier Svein Jarle Reiakvam medan han løftar på plass nok ei vektskive.

Ei og ei blir dei løfta på plass i stativa i oppvarmingslokalet i idrettshallen i Førde. Om berre dagar skal dei sterkaste vektløftarane i Europa kjempe om edelt metall i løftearenaen som er bygd for anledningen. Først må alle detaljar på plass.

For mange av dei 300 frivillige er det bokstavleg talt tunge løft. Reiakvam ler når han blir spurt kor mykje arbeid han har lagt ned.

– Det er skummelt å seie talet, men timane går, det er det ikkje tvil om, men det er kjekke timar, seier han.

– Kjerringa lurte på om ho fekk sjå meg i år, men eg svarte sjølvsagt nei. Så er den krisa avverja, ler han.

Arrangørane i Sunnfjord er små, men har fått litt av eit ansvar. Aldri har EM i vektløfting blitt arrangert av ein så liten klubb. Bak meisterskapen i Førde står 300 frivillige.

SJÅ TV-SAK: Tusenvis av dugnadstimar ligg bak når EM i vektløfting i Sunnfjord går av stabelen den komande veka. No blir det jobba med siste finpuss på det som skal bli eit spektakulært løftelokale.

Presidenten let seg imponere

I snart fire år har arrangørklubben Tambarskjelvar jobba for EM i Sunnfjord. Naustedølane har vore leia av den tidlegare vektløftaren Stian Grimseth. Mannen som på folkemunne ofte blir kalla «bamsen frå Naustdal» viser stolt fram arenaen til president i Det Internasjonale Vektløftarforbundet (IWF), Tamás Aján.

Aján har vore IWF-president sidan 2000, dei 25 åra før det sat han som generalsekretær. Han har vore på tallause store vektløftarstemne, og skryt frå han er verdt å ta med seg.

– Eg er veldig glad for at det norske forbundet la EM hit til Førde, seier presidenten som tydeleg er imponert.

Han har sjølv høyrt Grimseth fortelje om dei vel 300 frivillige.

– Det er utruleg, seier Aján.

Legg til rette for rekordmange løftarar

Med 396 deltakarar frå 40 nasjonar blir det rekordmange som skal i elden på løfteplattingen. Aján seier forklaringa på deltakarrekorden ligg i at EM i tillegg er siste sjanse for løftarane til å kvalifisere seg til OL i Rio.

For dugnadsgjengen er det kjekt med skryt. Dei 10.000 timane dei legg for å få EM vel i hamn er dei stolte av å få vere med på.

– Det er veldig kjekt å få vere med på dette, seier Reiakvam og held fram:

– Det hadde aldri gått utan den sunnfjordske dugnadsånda. Problem og utfordringar blir løyste på strak arm, seier han.

Søndag morgon skal dei første løftarane i aksjon. President Aján håpar alle dei involverte skal få valuta for innsatsen som er lagt ned.

– Eg håpar sponsorane blir nøgde, at kommunane, klubbane, dei frivillige og tilskodarane blir nøgde, seier han og nikkar anerkjennande til EM-general Stian Grimseth.