Hopp til innhold

Elvis blir i Sogndal

Sogndal sin ivorianske midtbanespelar Ahyee Aye Elvis har forlenga med Sogndal Fotball.

Ahyee Aye Elvis

UT 2013: Ahyee Aye Elvis held på Sogndal si trøye nummer 28.

Foto: Rune Fossum / NRK

Elvis har nyleg signert kontrakten som binder han til oss ut 2013-sesongen, skriv klubben på si nettside.

Har spelt 166 kampar

26-åringen frå Elfenbeinskysten kom til Sogndal sommaren 2004 og fekk med seg seks kampar i eliteserien før han vart med klubben ned i 1. divisjon.

I 2010 noterte Elvis seg for to seriemål og eitt mål i cupen. Totalt står midtbanespelaren med 166 kampar og 30 mål i Sogndal sin adelskalender.

Bakke og Olsen

Frå før er det klart at Eirik Bakke sluttar seg til Sogndal-troppen ved årskiftet. Toppscorar Espen Olsen har forlenga ut 2011-sesongen, og Sogndal er framleis i forhandlingar med Førde-talentet Ruben Holsæter om ein overgang.

To legg opp - éin til Brann

På minussida har Tommy Øren gjort det klart at han legg opp. Øren er misnøgd med det han oppfattar som manglande tillit hos trenar Harald Aabrekk.

Legg opp gjer også 40-åringen Håvard Flo som går over i ei stilling i Sogndal sitt støtteapparat, mens kaptein Lars Grorud har signert for Brann.