Hopp til innhold

Fann mest plast frå landbruket i elver på Vestlandet: – Bønder må ha betre rutinar

Ei ny undersøking viser at det vart funne plast frå landbruket i nesten alle elvane som vart undersøkte på Vestlandet.

NORCE-forsker Elisabeth Stöger kartlegger plast i Omvikedalselven i Hardanger. Her fant dei stedvis mykje rundballfolie

FUNN: Forskar Elisabeth Stöger i Norwegian research center (NORCE) med plast dei har funne i ei av elvene på Vestlandet.

Foto: Gaute Velle / NORCE

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Forskarar har undersøkt 200 kilometer elvebotn i 43 elvar på Vestlandet. Dei fann plast i nesten alle.

Plast frå landbruket var det tre gonger meir av enn all anna plast til saman.

– Det som er typisk er at i landbrukselver så er det mykje. Då det kan godt vere ei elvestrekning som renn igjennom ein skog nesten utan plast, så er det veldig mykje når elva kjem til område der det er landbruk.

Det fortel prosjektleiar Gaute Velle i Norce i Norwegian research center (NORCE).

– Resultata syner at enkelte bønder må ha betre rutinar for handtering av plast, til dømes ved å ikkje la restar av rundballfolie liggje ute der den er utsett for vêr og vind, slår Velle fast.

Vil ha lik ordning

Når bøndene kjøper landbruksplast, så blir det lagt på ein sum som skal dekke gratis levering av plasten til renovatør.

Men leiar i Vestland bondelag, Anders Felde, meiner at ordninga for innsamling var mykje betre før enn den er i dag.

– Berre for to-tre år sidan så hadde vi rundar der transportøren kom og henta plasten på bygda ein eller to gonger i året. Den løysinga har vi ikkje lenger, seier Felde.

Dei utfordrar no Grønt Punkt Noreg og andre som har eit ansvar for å ta hand om denne plasten.

– Det kan vere frykteleg langt frå garden til mottaket, seier Felde.

Han og andre bønder meiner det bør vere ei lik ordning uansett kvar ein bur i landet, nettopp for å unngå at plasten blir liggande att på gardane.

Forskar bak rapporten Gaute Velle

VELDIG MYKJE: Gaute Velle er forskar i Norce og fortel om store mengder landbruksplast i elvene på Vestlandet.

Foto: NORCE

Skuldar på prisane

Grønt punkt seier at tilskotet er det same som før, men at det er prisen på den brukte landbruksplasten som har gått ned, fortel kommunikasjonssjef Kari-Lill Ljøstad.

– Prisane har falle. Det gjer at mange renovatørar ikkje tar seg råd til å hente plasten fordi dei ikkje får nok igjen for den når dei sel den vidare.

Ho meiner at bønder generelt er flinke til å sortere ut og passe på at landbruksplasten ikkje hamnar i naturen.

– Mykje av dei syndene vi ser no, kan vere gamle synder, meiner ho.

Ber bøndene ta ansvar

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) plasserer ansvaret hos den einskilde bonde.

– Det er veldig uheldig at det blir funne plast frå landbruk i elvane. Det er opp til kvar enkelt gardbrukar å sørge for at plast, og annan søppel, ikkje kjem på avvege, seier ho.

Ho legg til:

– Eg vil oppfordre til at alle gardane sørgar for å ha kontroll på landbruksplasten heilt til den er levert til godkjent gjenbruksstasjon.

Forskar Gaute Velle er også tydeleg i kva han meiner.

– Det er få grunnar til at rundballfolie skal forsøple naturen, eller at dette ikkje kan førebyggjast.

Rundballeplast i elver på vestlandet

PLASTPROBLEM: På mange elvebotnar ligg synlege spor etter landbruksaktivitet.

Foto: Gaute Velle / NORCE