– Særleg dette med neddoping av andre er heilt nytt, i alle fall på våre kantar. Når me har fire tilfelle på same stad og på same kveld, er det veldig alvorleg, seier elevinspektør ved Sandsli vidaregåande skule, Stig Hammersland.
Tysdag skreiv NRK om at politiet i Bergen Sør måtte stenga av russen sin samlingsstad i Hordnesskogen, etter å ha mottatt meldingar om valdtekt og neddoping av fleire jenter i helga.
Ei av jentene skal ha blitt dopa ned og dumpa i ein container.
– Det var ikkje like ille i fjor. Me er uroa for ein del illegal rusing under samlingar, sa politioverbetjent Bente Liland i Bergen sør politistasjonsdistrikt til NRK tysdag.
– Når det gjeld haldningar til rusmiddel, russesangar og ekskludering er dette heilt klart den verste russetida eg har vore vitne til, seier Hammersland.
Etterlyser betre førebygging
Organisasjonen Ungdom mot narkotika (UMN) ønsker konkrete tiltak som kan brukast både før og etter russetida.
– Skulen må erkjenna at dei spelar ei stor rolle i russetida og sørga for å auka kunnskapen om rus blant lærarane, seier Meena Golabek, leiar i UMN.
Dei er medlem i Actis, eit samarbeidsorgan innan rusfeltet som jobbar for å redusera skader ved narkotika- og alkoholbruk.
Actis saknar meir målretta innsats i risikoperiodar som russetida. Det er også Norsk narkotikapolitiforening einige i.
– Me veit at det kan oppstå subkulturar blant russen kor rus og bruk av narkotika blir romantisert. Dette bidreg til at sårbare ungdom gjerne hamnar i situasjonar der dei kan bli pressa til å eksperimentera med illegale rusmiddel, seier generalsekretær i Norsk narkotikapolitiforening, Lars Holmen.
- Les også:
– Kan bli for moraliserande
Hammersland er einig med Actis, men meiner det er vanskeleg å veta korleis ein kan påverka ungdommane i positivt retning.
– Me var tidleg ute med ein peikefinger før russetida starta, blant anna med eit lesarinnlegg i avisa.
Men elevar som inspektøren snakka med var redd dette kunne ha motsett effekt.
– Når ein går hardt ut og moraliserer er det fare for at enkelte vil utfordra grensene endå meir.
– Cannabis er blitt vanleg
I år er det svært tydeleg at grenser blir flytta, fortel Hammersland.
– Det var ein stor sak for to år sidan om omfattande bruk av cannabis hjå russen i Bergen. No seier elevane at dette finst over alt, og at det nye i år er amfetamin og GHB.
– Det er heilt utruleg at det har kome inn i dette miljøet her.
Han er tydeleg på at denne trenden ikkje kan halda fram.
– Noko må gjerast! Me må setta oss ned til hausten å sjå korleis russefeiringa i 2017 skal bli. Me kan ikkje ha det slik som dette.