Hopp til innhold

Kjenner seg utrygge utan belte - men busseigaren vil ikkje ordne opp

Mangel på setebelte på skulebussen gjer at elevar i Lavikdalen i Høyanger kjenner seg utrygge. Men busselskapet vil ikkje utstyre bussane med setebelte fordi det er for dyrt.

Video Skulebuss utan bilbelte til alle

VESTLANDSREVYEN 4. mai: Skulebussen i Lavikdalen har ikkje bilbelte til alle. Sjølv om elevane krev betring vil ikkje Firda Billag betale.

Kvar veke tek elevane bussen til og frå skulen. Fremst i bussen sit sjåføren trygt festa med setebelte, men passasjerane er ikkje like viktige for lovverket.

I skulebussen finst det berre fire seter med belte.

- Det er ganske dårleg, seier elevrådsleiar ved Lavik skule Christer Systad til NRK.

- Prioriterer belte til dei minste

Med berre eit fåtal belte i den store bussen må elevane sjølve gjere valet om kven som skal sikrast.

- Vi prioriterer at dei minste får sitte i seta som har belte, forklarar Systad.

At skulebussen ikkje har fleire belte er eit resultat av at det ikkje er påbode med setebelte i bussar registrerte før 1999. Busselskapa har ikkje prioritert sikring av alle.

- Vi har snakka med Firda Billag og sagt vi vil ha skikkelege bussar med belte. Men det verkar som dei ikkje vil prioritere mindre plassar, seier Systad.

- Det vert for dyrt

I 2010 var det 50 skulebussar utan belte berre i Sogn og Fjordane.

For direktøren i Firda Billag er spørsmålet om belte eit spørsmål om økonomi.

- Dersom vi skulle hatt belte på plass i alle bussane i morgon, vil det koste oss mellom 45 og 50 millionar. Det går ikkje, seier administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag til NRK.

- Burde sikre det mest verdfulle vi har

Setebelte for alle skal vere på plass innan tre år. Men sjølv han som er godt sikra i dag, synst det er for seint.

- Ein skal ikkje bruke argumentet om at det er for kostbart i eldre bussar. Dei ansvarlege må vere klar over at ungane er det mest verdfulle vi har, seier bussjåfør Kåre Berge.