Hopp til innhold

Vil ha slutt på trynefaktor - vil heller ha anonym prøveretting

Elevar fryktar trynefaktoren påverkar karakterane – no vil dei ha anonym retting av prøvene.

Embla Belsvik, prøve

FORSKJELL: Embla Belsvik i Unge Høgre vil bli kvitt faren for at trynefaktor kan spele inn på prøveresultata. Saman med resten av ungdomspolitikarane i Sogn og Fjordane vil ho no kjempe for anonym retting.

Foto: NRK

Er du yndlingseleven til læraren din eller opplever du at de ikkje kjem godt overeins? Kor vidt elevane har eit godt eller dårleg forhold til lærarane sine kan påverke kva karakterar dei får, meiner Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

No vil dei endre praksisen med at elevane leverer inn prøvene med namn på. Slik vil dei unngå at trynefaktoren får vere med å bestemme resultatet.

Forskjellig karakter – på same innlevering

NRK har snakka med fleire elevar som opplever det dei meiner er forskjellsbehandling av lærarane. To kameratar føler seg sikre på at nettopp trynefaktor gjorde utslaget då dei leverte inn prøver for ei tid tilbake.

– Vi leverte same prøva, der den eine eleven faktisk fekk ein heil karakter betre enn meg og kameraten min, seier ein gut.

– Og alle tre leverte identiske innleveringar til same lærar?

– Innleveringa var heilt ordrett lik, seier guten.

Gutane ønskjer ikkje å stå fram med namn, men er tydelege på at dei opplevde dette som lite kjekt. Den sprikande vurderinga frå læraren på same prøve skapar uvisse om kva karakter dei eigentleg fortener i faget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Embla Belsvik

VIL IKKJE HA DET SLIK: Leiaren i Unge Høgre i Sogn og Fjordane, Embla Belsvik vil ha anonym retting av prøver og innleveringar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Slik skal det ikkje vere

No får dei støtte frå ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Også dei har sett seg leie på at elevar fryktar trynefaktor kan spele positivt og negativt inn på karakterane.

– Karakterane skal ikkje avhenge av kva forhold du har til læraren, men korleis du faktisk presterer, seier Embla Belsvik som er leiar for Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

Vil kjempe for anonym retting

Saka var denne helga oppe til diskusjon under fylkestinget for ungdom i fjordfylket. At elevar i den vidaregåande skulen skal få levere prøvene sin anonymt blir no ei av sakene som ungdomane skal arbeide vidare for.

– Dette er først og fremst for å sikre at det er rettferd i skulen. Vi vil ha ein skule der alle kan komme fram med det dei prestera, og det skal vere slik at det er det du leverer frå deg du skal dømmast etter, seier Belsvik.

– Umogleg å løysrive seg frå kjennskap til elevane

I Utdanningsdirektoratet vedgår avdelingsleiar Siv Lindstrøm at trynefaktor ikkje er til å unngå.

– Det er klart, du klarer aldri løysrive deg heilt frå at du kjenner personane og elevane, seier Lindstrøm.

Ho er likevel klar på at dette ikkje skal vere avgjerande for kva karakter ein elev får på ei prøve eller innlevering.

– Vi har ikkje forsking som tilseier at det ein kallar trynefaktor er eit stort problem. Lærarane er veldig opptekne av å gje ei rettferdig og god vurdering av det elevane presterer, seier Lindstrøm.