Hopp til innhold

Elevar skal streike mot ny fråværsregel

Den nye tiprosentregelen møter sterke reaksjonar hjå vidaregåande elevar landet over. No oppfordrast elevar til å bli heime.

Elever på videregående på Torgallmenningen

– DÅRLEG REGEL: – Ti prosent fråvær er eit veldig lite tal på timar i eit fag, meiner Julie Lunde Rosberg (til høyre). Ho og Stine Træet er likevel usikre på om dei tør streika.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Elevar og ungdomspolitikarar over heile landet reagerer på ti prosentgrensa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og regjeringa har innført frå hausten av.

Det er Sosialistisk Ungdom i Hordaland som tar til orde for ein elevstreik mot den nye fråværsreglane.

Kven er det som blir hardast råka av ei slik grense? Det er elevar med psykiske problem som ikkje får dokumentert fråværet.

Agathe Waage, Elevorganisasjonen

Streiken skal gå av stabelen frå 11. mai, og ungdomspolitikarar reiser i desse dagar rundt til vidaregåande skular for å informere om streiken.

– Ja, det er drygt med elevstreik, men det er også drygt å tvinge ei slik grense på elevar og lærarar som ikkje vil ha det. I denne saka må vi sette hardt mot hardt, seier ungdomspolitikar Daniel Charles Hextall i SU.

Daniel Charles Hextall

OMKAMP: – Elevar har ikkje blitt høyrt i saka, meiner Daniel Charles Hextall i SU.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Får ikkje karakter

Den nye regelen inneber at elevar som har høgare udokumentert fråvær enn ti prosent i eit fag på vidaregåande, ikkje får halvårskarakter eller standpunktkarakter. Målet er at grensa skal ramme dei mange elevane som vel å skulka.

– Vi opplever at elevane ikkje har blitt høyrde i denne saka og vi vil ha den opp på nytt. Om vi hamnar med ei grense oppe på 20 prosent er det ei forbetring, seier Hextall.

Elevorganisasjonen stiller seg bak streiken. Dei reagerer på at grensa er så konkret.

– Kven er det som blir hardast råka av ei slik grense? Det er elevar med psykiske problem som ikkje får dokumentert fråværet sitt eller av andre årsaker ikkje klarar å gå på skulen, seier Agatha Waage, fylkesleiar i Hordaland.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

VIL STOPPA SKULK: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen innfører den nye fråværsregelen på ti prosent til hausten.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Viss skulen skal bli ein stad der berre dei sterkaste elevane kan gå, så går vi i feil retning. Det er viktig at vi viser at dette ikkje er greitt, meiner Waage.

Før påske fortalde 28 år gamle Elena Dahl om korleis livet med psykiske problem påverka skulegangen hennar. Ho gjekk på ein skule med 15 prosents grense, som førte til at ho måtte slutte.

Skal ramme skulkarane

Unge Høgre meiner at elevstreik er heilt feil måte å protestere mot fråværsgrensa på.

– Å ta vekk elevane frå skulen er ein dårleg idé, seier nestleiar Phillip André Charles i Unge Høgre Hordaland.

Han argumenterer, som kunnskapsministeren, med at dei nye reglane skal råke dei som skulkar skulen utan grunn.

Isaksen har uttala at det skal bli fleire måtar å dokumentere fråværet på, slik at regelverket ikkje skal råke elevar med gyldig fråvær.

Phillip André Charles

DÅRLEG IDE: Phillip André Charles i Unge Høgre i Hordaland.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK