Hopp til innhold

Byggestøv på skulen gjer at Reidun slit med å puste

MIDTUN (NRK): Skulen i Bergen blei stengd etter at fleire lærarar og elevar er blitt sjuke. – Det har vore dyngar av støv på golvet, fortel lærar.

Reidun Tysnes på Midtun skole

SJUK AV STØV: Reidun og fleire tilsette skal ha blitt dårleg av mykje byggstøv på Midtun skole i Bergen.

Foto: Privat/NRK / Montasje

Då nytt og gamalt bygg ved Midtun skole i Bergen skulle koplast saman i haust, jobba elevar og lærarar side om side med byggearbeidarar i gangane.

Murgolv har blitt pussa og arbeid skal ha blitt gjort mens bygget var i drift. Det har resultert i store mengder støv i klasserom og lærarkontor.

Det har ført til at fleire lærarar og elevar har vorte sjuke.

Hovedvernombod i Bergen valde difor å stengje skulen onsdag.

– Folk er blitt sjuke, og fleire meldar om svimmelheit, kvalme, hovudpine på skulen. Så denne saka er alvorleg, seier Helle Mi Hasli i byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett i Bergen kommune.

Måtte sjukemelde seg

Arbeidsforholda har gått ut over helsa til dei tilsette, og fleire har fått kjenne på luftvegssymptom.

Lærar ved skulen, Reidun Tysnes, måtte sjukemelde seg då kroppen sa stopp i haust.

– Eg fekk skikkeleg allergisjokk når det sto på som verst. I heile haust har eg slite med kløe og hovudpine. No har eg skikkeleg dårleg hals og hostar mykje, seier ho til NRK.

Tysnes ventar no på utgreiing på Haukeland for luftvegssymptoma.

Dagleg finn lærarane støv på arbeidsborda sine.

PÅ ARBEIDSBORDET: Lærarane finn dagleg støv på arbeidsborda sine.

Mellombels løysing

Det har vore mykje fram og tilbake for Midtun skole dei siste åra. Elevar og tilsette blei flytta til Landås mens mykje av arbeidet gjekk føre seg ved skulen, men flytta tilbake tidlegare i år.

Då fekk lærarane mellombelse kontor i ein brakkerigg utanfor.

Lærar Cecilie Teigen Måren seier problema starta då lærarane måtte flytte frå brakkeriggen og inn i det gamle bygget igjen.

– Det har lege dyngar av støv på arbeidsrommet, og ein kunne sjå støvet i lufta i gangane. Vi har måtte ringt heim til foreldre fordi elevar har vorte dårleg.

Midtun skole er under utbygging. Nytt tilbygg ventes åpnet i 2021.

UTFORDRANDE: Både tilsette, rektor og byggetaten seier det er utfordrande med bygging og drift på ein som same skule.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Lærarane seier dei òg har vore plaga med mykje støy.

– Det er jo ikkje ønskeleg å ha både byggarbeid og drift på same stad, vedgår rektor Trond Sandal.

Arbeidstilsynet varsla

Torsdag var både Arbeidstilsynet, Veidekke, byrådsavdelingar og representantar frå etatane for bygg, eigedom og skule på plass for å sjå på tilhøva.

Arbeidstilsynet bekreftar at dei gjennomfører tilsyn, men vil ikkje seie noko om saka no.

Direktør for etat for utbygging, Willy-André Gjesdal, seier det kom overraskande på dei at hovudverneombod valde å stenge skulen.

– Vi har gjort det vi kan for at ulempene med byggearbeidet ikkje skal gå utover drifta. Men no skal vi ikkje bagatellisere saka når folk er blitt sjuke. Vi visste ikkje at det var så alvorleg før i går.

– Dette er skremmande at dei ikkje visste om dette. Det må vere ei stor kommunikasjonssvikt med dei byggetaten skal ha kontakt med, svarar hovudverneombod Hasli.

Etatsdirektøren for bygg seier dei set i verk ei rekke tiltak kor klasserom og lærarkontora skal vaskast ned, og at delar av det nye bygget med garderobar allereie skal takast i bruk no.

Fredag kan elevane kome tilbake att, medan lærarar må nytte heimekontor.

ARBEID I GANGEN: Kun ei dør frå gangen og inn til lærarkontora som óg blir brukt til lager som ei mellombels løysing.

ARBEID I GANGEN: Berre ei dør mellom arbeidsstaden til murpussarar og arbeidsstaden til lærarane.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK