Hopp til innhold

Elevar må stå på skulebussar over heile landet: – Må stille strengare krav

– Vi får meldingar om dette frå heile landet, seier Trygg Trafikk. Dei etterlyser strengare krav til trafikkselskapa.

Skulebuss frå Knarvik ungdomsskule

UTRYGGE PÅ SKULEBUSSEN: Dei fleste sit trygt men nokre må stå utan sikring i midtgangen.

Foto: Argita Lleshi / Privat

– Ein gong bråbremsa bussen slik at eg og ei veninne small hovudet inn i eit sete, fortel Stina Leivestad Morvik (14).

Både om morgonen og ved skuleslutt om ettermiddagen opplever elevar ved Knarvik ungdomsskule i Lindås at dei ikkje får sitte på bussen.

Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule har rett til gratis skuleskyss dersom skulevegen er over ei viss lengde (ekstern lenkje). I forskrifta står det sitteplass med belte.

Saman med broren, Sivert Leivestad Morvik (14), skreiv ho eit innlegg i avisa Nordhordland om problema på skulebussen.

– Etter at vi sa ifrå har det vorte betre, seier Stian.

– Men andre må framleis ofte stå, seier Stina.

Stina og Sivert Leivestad Morvik på skulebussen

MÅTTE OFTE STÅ: Etter at dei klaga ha situasjonen blitt betre for Stina og Sivert Leivestad Morvik.

Foto: Privat

Etterlyser ekstra buss

Problemet oppstår når det kjem for mange andre passasjerar på skulebussen. Til dømes andre elevar utan rett på skuleskyss, som sjølv vel å betale for å køyre med bussen til skulen.

– Vi har freista å få transportselskapet Skyss til å sette opp ein ekstra buss, men utan hell, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) i Lindås kommune.

Astrid Aarhus Byrknes

HAR FREISTA Å FÅ TIL EKSTRABUSS: Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er ordførar i Lindås kommune.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Dette høyrer vi om frå heile landet. Det skjer titt og ofte at born ikkje får sitteplass på skulebussen sin, seier Christoffer Solstad Steen, fungerande kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk.

Trygg trafikk meiner fylkeskommunane må stille strengare krav til transportselskapa.

– Alle born bør få sitte i eige sete med trepunkt setebelte på. Det er det definitivt tryggast for borna når dei skal til og frå skulen.

– Tek tryggleiken på alvor

I Hordaland er det Skyss, som er ein del av fylkeskommunen, som organiserer kollektivtilbodet ved skulane.

Stine Karoline Olsen, som er faggruppeleiar for skuleskyss i Skyss, seier dei tar tryggleiken til skuleborna på største alvor, og at dei setter opp fleire bussar om det skulle vise seg naudsynt.

Stine Karoline Olsen, Faggruppeleiar skuleskyss i Skyss

SET INN FLEIRE BUSSAR: Stine Karoline Olsen er faggruppeleiar for skuleskyss i Skyss.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Ved Fauskanger barne- og ungdomsskule på Askøy sette til dømes Skyss inn ein ny buss i fjor. Det skjedde etter at foreldre ved skulen sa tydeleg ifrå om at det ikkje var sitteplass til alle. Men ved Knarvik ungdomsskule har Skyss så langt meint at busstilbodet er godt nok.

– Men elevane må fordele seg på dei bussane som går, sjølv om dei kanskje må vente ti minutt på neste for å få sitteplass, seier Olsen.

Mange utan belte

Heller ikkje alle som får sitte på skulebussane er trygge. Mange lar vere å bruke setebelte. Måndag gjennomførte Statens vegvesen difor ein landsomfattande aksjon.

I Hordaland fekk 34 personar bot fordi dei ikkje hadde på seg setebelte. Kontrollane på bussane vil halde fram utover i veka.