Hopp til innhold

Elevar i fylket er betre i sidemål

Elevar i Sogn og Fjordane er betre i sidemål enn hovudmål. Det syner tal frå eksamenane i vår.

Undervisning

BETRE I SIDEMÅL: Elevar i Sogn og Fjordane er betre i sidemål enn i nynorsk. Illustrasjonsfoto

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Tala syner også at elevane i fylket er best i sidemål i heile landet. Dei er også best i hovudmål.

Ikkje overraska

Det overraskar ikkje leiaren i Noregs Mållag, Håvard Øvregård.

– Elevane i Sogn og Fjordane er nok generelt betre i språk enn elevar i andre delar av landet. Her i fylket møter du både bokmål og nynorsk rundt deg, seier Øvregård.

– Elevane her i fylket er i stor grad både trygge i hovudmålet sitt, nynorsk, samstundes som dei ser så mykje sidemål rundt seg, at dei forstår og greier å både lese og skrive det ganske så lett.

Trur dei må skrive bokmål

At elevane faktisk presterar betre i sidemål enn i hovudmålet nynorsk, har sine forklaringar.

– Også i Sogn og Fjordane så er det mest sidemål ein møter rundt seg. Og så er det også slik at mange brukar bokmål meir enn ka ein er nøydd til fordi ein trur ein må bruke det. Då blir ein flinkare i språk, og det språket ein ser mest av er det lett at ein blir flink til, og det er diverre bokmål for elevar i Sogn og Fjordane, seier Øvregård.