Elevar i Alver må i karantene

Store delar av mellomtrinnet ved Grasdal skule i Alver må i karantene, etter at ein person knytt til Grasdal skule har testa positivt for koronavirus. Dette gjeld 5. og 6. trinn, og ein klasse på 7. trinn. Koronasenteret i Alver kartlegg nærkontaktane til personen som har testa positivt.