Hopp til innhold

Elevane frå Jondal jubla for quiz-siger

Det var Jondal skule som trakk det lengste strået i fylkesfinalen i Klassequizen. Sjå heile konkurransen på nytt her.

Jondal skule vann Klassequizen 2015 i Hordaland

JUBEL: Emilie Øvrehus, Pauline Kvåle og Aron Myrild sikra sigeren for Jondal skule og kan ta med seg klassen til Oslo og landsfinalen 23. mai

Foto: NRK

Elevane frå Jondal skule møtte elevar frå Nore Neset ungdomsskule til finalekamp i Klassequizen 2015.

Vinnaren får reise til Oslo og møte andre fylkesvinnarar i landsfinalen 23. mai. I tillegg får klassen ein sjekk på 5.000 kroner.

Jamn finale

Onsdagens fylkesfinale i NRKs lokale på Minde i Bergen vart særs jamn og spennande. Men etter at alle spørsmåla var stilt, var det elevane frå Jondal som kunne jubla høgast.

Dei hadde totalt 13 rette svar medan elevane frå ungdomsskulen i Os fekk 10 rette.

Sjå heile finalen på nytt:

Sjå fylkesfinalen i Klassequizen 2015 i Hordaland, med Jondal skule og Nore Neset ungdomsskule.

Tredje året med quiz

Det er tredje året NRK arrangerer kunnskapskonkurransen. Denne gangen har 453 skuler frå heile landet meldt seg på, og kjempar om tittelen «Noregs smartaste tiendeklassingar».

Jondal skule sitt lag bestod av:

  • Emilie Øvrehus
  • Pauline Kvåle
  • Aron Myrild

Nore Neset ungdomsskole sitt lag:

  • Arne Stoltenberg
  • Mathilde Marron
  • Marius Klakegg