Hopp til innhold

Elendig sædkvalitet skaper trøbbel for norske sauebønder

Noko er veldig gale med sædblandinga som er sendt ut til norske sauebønder. – Dette er ein liten skandale, seier bondelagsleiar.

Vêr

LAUSKRUT? Etter to månader med prøving og feiling har Norsk Sau og Geit konkludert med at kvaliteten på sæd-dosane denne sesongen har vore for dårleg. Men alt tyder på at det ikkje er vêren sin feil.

Foto: Jon Hauge, Aftenposten / Scanpix

Dei fleste norske sauene blir framleis drektige ved at vêren gjer jobben på gamlemåten. Men kunstig inseminering er også blitt ein vanleg metode, med godt resultat.

Denne sesongen har resultatet vore verre enn på mange år. Mykje arbeid har vore bortkasta, og sauebøndene er rasande.

Sterk nedgang

«Vi opnar sædsalet i morgon», annonserte Norsk Sau og Geit (NSG) i oktober.

Dei la til at vareutvalet var større ein nokon gong og at dei for fyrste gong kunne tilby arvemateriale frå den ettertrakta rasen Valais Blacknose.

I ein rikhaldig «seminkatalog» presenterte NSG dei ulike donorane «som er mest aktuelle for deg».

Men sidan har utteljinga i norske fjøs vore laber. Fleire av søyene blir rett og slett ikkje drektige. Fleire bønder melder om berre 20 prosent «suksessrate».

Etter to månader med prøving og feiling, har difor Norsk Sau og Geit vore nøydd til å konkludere: Varene deira har «ein alvorleg svikt i tilslaget».

Den som seier det er Thor Blichfeldt, som er leiar i avls- og seminavdelinga i NSG.

Eg føler med bøndene som har lagt sjela si i dette. Det er trasig, legg han til, og talfester nedgangen til 8–10 prosentpoeng.

Avlssjef i Norsk sau og geit, Thor Blichfeldt.

LEI SEG: Etter å ha «klødd seg i hovudet» og studert alle moglege feilkjelder, har Blichfeldt i NSG enno ikkje identifisert feilen med hundre prosent sikkerheit.

Foto: Aurora Hannisdal / Differ Media

– Alvorleg for dei som er ramma

Etter å ha «klødd seg i hovudet» og studert alle moglege feilkjelder, har NSG enno ikkje identifisert feilen med hundre prosent sikkerheit.

Dei har likevel ein hovudteori: Det må vere noko gale med fortynningsvæska.

Ein typisk «ejakulat» frå ein avlsvêr er i utgangspunktet så potent at han kan tynnast ut og delast opp i 20–30 dosar.

Hypotesen er styrka av at kollegaene deira på Island også hadde problem med fortynningsvæska. Forskjellen er at islendingane oppdaga og løyste problemet innan sesongen starta.

Kristina Hegge er sauebonde og nestleiar i Innlandet Bondelag. Ho er ikkje nøgd med vareleveringa.

– Det er altfor dårleg. Vi forventar at det vert rydda opp, og at dei som har fått sæd som ikkje verkar vert kompensert.

Tommelfingerregelen er at ei søye er drektig i «fem månader minus fem dagar». Det er også avgrensa når søya er i brunst. Om bonden mister «vindauget», kan det difor vere for seint å rette opp skaden om lammet som kjem til verda skal bli klar til sommarbeitet.

Anders Felde er leiar i Vestland Bondelag.

– Dette er ei lita skandale, og vil truleg føre til at fleire vil bruke vêr i staden for kunstig inseminering, seier han.

Det same seier Ole Bjarne Hovland, som er sauebonde i Sogn. Han seier trenden har vore negativ i fleire år.

Tilslaget har vorte dårlegare heilt sidan 2018, men aldri har «droppen» vore så drastisk som no.

Jon Trøite, redaktør i Landbruk24.no, seier til NRK at «dette er alvorleg for dei som er ramma».

NRK har vore i kontakt med Landbruks- og matdepartementet. Dei svarer at dei ikkje kjenner saka, «og har difor ikkje høve til å kommentere ho».

Anders Felde i fjøsen

SKANDALE: – At det ikkje er rutinar som garanterer kvaliteten på sæd som blir sendt ut er uhaldbart, seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Vert pinnekjøtt neste år også

Ellen Marie Sørumgård Syse driv garden i Kjøremgrenda i Lesja saman med ektemannen.

Av «praktiske, og ikkje ideologiske grunnar» seier ho nei til kunstig inseminasjon, og bruker i staden sin eigen avlsvêr.

– Det er eg glad for no, for eg ser jo at det er mykje frustrasjon der ute.

Kunstig inseminering handlar om å forbetre genmaterialet, men NSG har ikkje monopol på tenesta, og dei fleste gjer som Syse: Dei bruker «gamlemåten».

Blichfeldt, leiar i avls- og seminavdelinga i NSG, minner difor om at ikkje alt er tapt.

Det vert pinnekjøtt neste år også.

Ellen Marie Sørumgård Syse

GLAD: Ellen Marie Sørumgård Syse seier nei til inseminasjon, og bruker i staden sin eigen avlsvêr. – Det er eg glad for no, seier ho.

Foto: Arne Sørenes / nrk