Hopp til innhold

Elektrisk avfall på avvege: Ein tredjedel av forhandlarane er ikkje gode nok

– Det er ikkje godt nok. Butikkane må gjera meir, seier Marit Kjeldby i Miljødirektoratet.

Store mengder miljøfarleg elektrisk og elektronisk avfall blir framleis stole frå norske returstasjonar og smugla ulovleg ut av landet.

Høge metallprisar gjer at dette avfallet er ekstra ettertrakta. Det skjer over heile landet.

Ein velbrukt NRK-skjerm blir plassert i eit mottak i Tønsberg. Det er forbode å forsyna seg frå mottaket.

Johnny Brenna plasserer ein flatskjerm utanfor ein kontainer.

Ein gamal NRK-skjerm blir plassert i mottaket. Så set Brenna og ein journalist seg i bilen for å følgja med på kor lenge han får stå.

Foto: NRK

– Er det noko som ser brukbart ut som står på returpunkt, så blir det ganske fort borte.

Det seier Johnny Brenna. Han er privatetterforskar og har spana på returmottak for el-avfall i to og eit halvt år.

Johnny Brenna

Privatetterforskar Johnny Brenna.

Han meiner mangelfull sikring er eit hovudproblem. Og det har han truleg rett i:

Funn frå eit nytt, landsdekkande tilsyn gjort av Miljødirektoratet viser at ein tredjedel av forhandlarane ikkje gjer nok for å hindra at EE-avfall forsvinn frå mottaksstasjonar.

Kan skada miljøet

– Avfallet kan koma på avvege og skada miljøet. Og så veit me sjølvsagt at ein del av det blir eksportert ulovleg til land som ikkje har system for å ta seg av det avfallet, seier Kjeldby.

I 2019 dokumenterte Brennpunkt storstilt søppelsmugling til utlandet. At det framleis føregår smugling har privatetterforskar Brenna dokumentert med bilete, video og gps-sendarar:

Varebilar fulle av el-avfall går framleis til Aust-Europa og Nigeria.

Miljødirektoratet ser noko betring på mottaksstasjonane, samanlikna med tidlegare tilsynsaksjonar, men peikar på at det framleis er fleire som ikkje følgjer reglane.

– Det er framleis mykje ee-avfall som kjem på avvege, fordi det er for dårleg sikra i butikkane der folk har levert det tilbake. Det er ikkje godt nok, seier Marit Kjeldby, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Sjekka heile landet

Miljødirektoratet sjekka 72 forhandlarar over heile landet som sel elektriske og elektroniske produkt. Både nettbutikkar og fysiske butikkar vart sjekka.

Målet var å kontrollera om systema for å ta imot avfallet er gode nok.

Tilsynet viser òg at ein fjerdedel ikkje oppbevarer og handterer avfall med sensitive data på ein god nok måte. Dette er til dømes mobiltelefonar og pc-ar.

Kjeldby peikar på at dette er avfall som kan reparerast og ombrukast. Om det ikkje er i god nok stand, kan delane gå inn i ein sirkulær økonomi.

Norsirk ee-retur

Gamle mobiltelefonar inneheld mange verdifulle metall som kan brukast på nytt.

Foto: Snorre Tønset / Snorre Tønset/NRK

– Det gjer at eg og du ikkje er trygge på å kunna levera det avfallet, seier Kjeldby.

Rådet blir at ein rett og slett må sjå seg godt om når ein leverer mobiltelefonen sin.

– Eg ville sett på butikken, om systemet verkar tillitvekkande og slik at andre ikkje kan få tak i det du leverer, seier Kjeldby.

Kjell, Thomas Korneliussen Åsane

Thomas Korneliussen hjå Kjell & Company i Åsane, seier du trygt kan levera inn ee-avfallet ditt hjå han. – Kundane leverer det i kassen, og me oppbevarer alt på bakrommet fram til det blir levert vidare.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Bransjen erkjenner problemet

Flatskjermen i Tønsberg fekk stå urørt i to timar. Så kom ein mann på sykkel og tok med seg skjermen ut av området.

– På dagtid er dette nærare ein marknadsplass, der det er høg grad av levering og plukking av elektroavfall. Noko av det forsvinn til utlandet, seier privatetterforskar Brenna.

Til saman 140.000 tonn el-avfall blir returnert kvart år. Elektrokjedene har plikt til å ta imot avfall. Dei innrømmer at stelinga er eit problem, men peikar på at det er vanskeleg å sikra mottaka betre.

– Mykje av avfallet blir levert på kvelden og natta, og butikkane ligg på kjøpesenter. Der har me ikkje tilgang til å sperra heile området, så det er eit problem, seier Jan Røsholm, administrerande direktør i Elektronikkbransjen.

Les også: Det kan ligge 10 millioner av disse rundt omkring i norske hjem

Norsirk - elretur
Norsirk - elretur

Så kva skjer vidare?

Myndigheitene skal halda fram med å følgja opp bransjen med kontrollar og tilsyn, saman med tollmyndigheitene. Dei vil òg jobba for at regelverket skal vera godt kjent i bransjen.

– Når Miljødirektoratet påpeikar manglar hjå ei verksemd, må dei retta opp desse manglane. Det følgjer me opp, seier Kjeldby.

Ho har to viktige beskjedar. Avfallet må ikkje koma på avvege, og avfallet må samlast inn.

– Me kan bruka ressursane i materialet i den sirkulære økonomien. Det skadar miljøet om me heile tida må ta ut nye metall.

Les også: Søppelsmuglerne

Mann stjeler fra el-returmottak
Mann stjeler fra el-returmottak