Hopp til innhold

Elektrikarar streikar landet over

Fryktar konsekvensane av regelendringar.

Video Elektrikarar streikar mot regjeringa

- Dagens regelverk slår fast at den som utfører elektrisk arbeid skal vera tilsett i verksemda som er ansvarleg for arbeidet. Det er ei viktig presisering for å sikrar ansvarstilhøve og at kompetansen vert halde ved like i dei aktuelle selskapa, seier forhandlingeiar i EL og IT forbundet Jan Olav Andersen.

- Pulverisert ansvar

Men no kan desse reglane verta bygde ned. Difor gjer 100 eletrikarar og montørar i Førde seg klare til demonstrasjon. Over heile landet er EL- og IT-forbundet no ute i politisk streik, fordi dei meiner forsyningstryggleiken no er i fare.

- Regelendringa vil føra til eit meir pulverisert ansvar for tryfggleiken og svakare tilsettingsvern.

Elektrikarar i streik i Førde

Elektrikarane fryktar pulverisert ansvar med lovendringa som no ser ut til å koma.

Foto: Rune Fossum / NRK

Montør i Bravida Førde Ole Øyvind Ness fann raskt ut kva som var feilen då NRK i timane før demonstrasjonen i dag fekk vere med han i arbeidet.

- Her har me ein jordfeil. Det var no utgjort.

- Kan føra til katastrofale feil

Også Ness deler bekymringa til EL og IT forbundet. Han fryktar for sikkarheita til forbrukarane dersom utanlands arbeidskraft kan ta over jobbane til dei faglærde i Noreg.

- Lat oss seia at du har eit firma som leiger ein elektrikar som ikkje har den norske utdanninga. Denne elektrikaren er kanskje ikkje då kjend med dei norske tilhøva, og kan i verste fall gjera katastrofale feil.

Lovendringa kan verta gunstig for kunden. Men Ness har fleire gonger opplevd at han har måtta retta opp i feil gjort av mindre faglærde.

Statssekretær i justisdepartementet, Terje Moland Pedersen, vil ikkje kommentera det pågåande arbeidet. Men han vedgår at dette er ei EU-tilpassing.

- Ja, for så vidt. Det er tilhøve som vert teke med når ein jobbar med forskrifta. Den må vera i tråd med internasjonale konvensjonar og avtalar.