Hopp til innhold

Eldrebølga skapar plassmangel på norske gravplassar

I Noreg vil fleire døy i åra som kjem. Faktisk vil talet på dødsfall auke med over 40 prosent. Men allereie no er mange gravplassar fulle.

Fredly gravplass, Gloppen

GRAVPLASSANE VERT FYLTE: Er det utviding eller kremasjon som er løysinga på problemet?

Foto: Magnus Midtun / NRK

Sidan befolkninga i Noreg blir stadig større og eldre, aukar talet døde i åra framover, seier Stefan Leknes, forskar i Statistisk sentralbyrå (SSB).

At talet dødsfall i Noreg vil stige frå 40.534 i 2020 til eit venta tal på 57.883 i 2050 fører til fleire utfordringar for kommunane, blant anna på gravplassane.

Press på gravplassane

Kommunane har krav på seg til å halde av gravplass til minst 3 prosent av befolkninga. Kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd i Rogaland, Inger Kari Søyland, seier til fagbladet Gravplassen at eldrebølgja ikkje blei tatt omsyn til då dei i 2020 vurderte behovet.

– Då heldt vi oss til treprosenten, og tenkte ikkje på eldrebølga. Den må vi nok ta innover oss.

Gimmestad gravplass. Liten plass.

TETT I TETT: I kommunar som Stavanger og Sandnes må dei førebu seg på at talet døde kan vere heile 98 prosent høgare i 2050 samanlikna med i dag. Slike tal vil verke belastande på gravplassane.

Foto: Magnus Midtun / NRK

Konsekvensane kan bli kortare festetid og eit auka fokus på gjenbruk av graver, der det er vanskeleg å utvide gravplassen.

– Vi har vore medvitne eldrebølga i fleire år. Sjølv om vi har god oversikt fram til 2040 er det viktig at politikarane set av tilstrekkeleg med areal til nye graver, seier gravplassjef i Bergen kirkelege fellesråd, Inghild Hareide Hansen.

Gimmestad gravplass

Ein stad som allereie kjenner på plassmangel er Gimmestad gravplass i Gloppen i Vestland. Anniken Rygg i Sørstranda utviklingslag er klar på kva ho meiner må til:

– Kommunen må setje av eit framtidig areal for utviding av gravplassen.

Audun Mundal og Anniken Rygg

UEINIGE: Sjølv om Audun Mundal og Anniken Rygg er einige om problemet, har dei ulike forslag til korleis det bør løysast.

Foto: Magnus Midtun / NRK

Dette meiner derimot kyrkjeverje i Gloppen kommune, Audun Mundal, er enklare sagt enn gjort:

– Som gravplassforvaltarar har vi utfordringar med økonomi og utviding er definitivt også eit økonomisk spørsmål.

Akkurat på Gimmestad meiner Mundal at løysinga ligg i urnenedsetting:

– Med urner får vi plass til åtte gongar fleire gravleggingar enn med kistegraver. Vi ser også ein trend i at fleire vel kremasjon. Men dette er dessverre ikkje endå tradisjon i Gloppen.

Audun Mundal på Gimmestad gravplass

MANGLAR PLASS: – Gravplassen er for liten i forhold til etterspørselen, seier kyrkjeverje Audun Mundal.

Foto: Magnus Midtun / NRK

På Gimmestad er det no stengt for kistegraver. Dersom folk ønsker å bli gravlagde her, må ein kremerast. Christina Alander Gimmestad i Sandane gravferdsbyrå seier at dette har ført til fleire kremasjonar også i Gloppen:

– Vi har sett ein auke dei siste åra som ein direkte konsekvens av at folk ønsker å ligge på Gimmestad gravplass blant familie.

Christina Alander Gimmestad, Sandane gravferdsbyrå

SER NY TREND: Christina Alander Gimmestad i Sandane gravferdsbyrå ser at plassmangelen på Gimmestad gravplass fører til at fleire i Gloppen vel kremasjon.

Foto: Magnus Midtun / NRK

Kremasjon som løysing

Det er ikkje berre i Gloppen at kremasjon ikkje er tradisjon. I både Sverige og Danmark er kremeringsprosenten nesten dobbelt så høg som i Noreg (80 og 85 mot 46 prosent).

Men no aukar også talet på kremerte i Noreg jamt, på 1 til 2 prosent i året. Der omtrent 18 prosent i Gloppen blir kremerte, er stoda annleis i meir folketette område.

– I Bergen blir 77 prosent av døde kremert. Det hadde vore ein heilt annan situasjon på gravplassane her dersom folk flest valde kistegraver, fortel Hansen i Bergen kirkelege fellesråd.

Tidlegare i juni gjorde også Stortinget endringar i gravferdslova som opnar for andre gravferdsformer enn dei meir tradisjonelle. NRK har tidlegare skrive om moglegheita for «vasskremasjon», som er ein av fleire nye, grøne og «eco-vennlege» metodar for «avhending», som fleire stader tvingar seg fram på grunn av plassmangel, økonomi og miljøomsyn.

Vannkremasjon

ER DETTE LØYSINGA?: Vasskremasjon er ein av fleire nye gravferdsformer som kan lette opp under plassproblematikken på norske gravplassar.

Foto: Bio-Response Solutions