Hopp til innhold

Eldre sit heime på grunn av glatta

Isete og humpete fortau gjer det vanskeleg å ta seg fram for eldre og funksjonshemma. Mange torer ikkje å gå ut.

Jan Edvardt Strandenes

VANSKELEG Å GÅ: Jan Edvardt Strandenes seier at mange kvir seg for å gå ut når det ser slik ut på fortauet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mange stader i indre delar av Sogn og Fjordane ligg det mykje snø og is. Det tek lang tid før det blir brøytt, og då dannar det seg issvullar. Dermed blir det vanskeleg å gå på fortaua.

Slo hol i panna

På fortauet ved lyskrysset i Langebruvegen i Førde er det mykje is, noko som fører til at vegen blir kupert og vanskeleg å gå på.

Pensjonist Jan Edvardt Strandenes er ein av mange som slit med å ta seg fram. Sjølv snubla han i ein issvull for eit par veker sidan og slo hol i panna.

Må vere lett til beins

Han seier at mange eldre er redde for å tryne når dei er ute og dermed held dei seg heller utandørs.

– Du skal vere både vere lett til beins, ha godt syn og vere godt skodd for å ta seg fram her. Dette krysset er noko av det vanskelegaste å ta seg fram i.

Mange føler seg utrygge

Han trur det har blitt slik fordi snø og is frå vegbana har blitt brøyta opp på fortauet.

– Dette har ikkje blitt fjerna og så har folk trakka slik at det har blitt ein sti.

Konsekvensen av at det er vanskeleg å gå ute, er at mange blir sitjande heime.

– Dei føler seg utrygge og dei som ikkje har ærend, held seg heime. Dei er rett og slett sperra inne altså på grunn av forholda. Nokon må ta ansvar slik at folk ikkje bryt hofter og anna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glatt og isete fortau

HOLKETE: Slik ser det ut i det mykje brukte krysset i Førde sentrum.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Kan få tunge tankar

Nestleiar i Pensjonisforbundet, Gerd Johanne Brekke, fryktar også at mange eldre blir blir isolerte fordi dei fryktar å bryte bein og armar dersom dei går ut.

– Dei eldre blir oppmoda om å bevege seg og komme seg ut, men det er vanskeleg når det er glatt og utrygt å gå.

Ho meiner fortaua må ryddast for is, slik at folk med til dømes rullatorar kjem seg fram.

– Blir folk sitjande heime, kjem gjerne dei tunge tankane. Heldigvis har mange pårørande som kan halde i dei når dei er ute og går. Eg kan også anbefale å bruke broddar, for då blir det enklare å ta seg fram.

Har fått få klager

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen har ansvar for fylkes- og riksvegane. Dei har ikkje fått mange klager på gang- og sykkelvegar.

– Men vi har hatt ein vanskeleg vinter med mykje snø og frost. Det har vore krevjande for entreprenørane å halde vegane frie for is og snø. Men eg føler det har gått bra på gang- og sykkelvegane vi har anvar for. Det er kanskje isen som problemet. Det blir brøytt og så blir ikkje snøen fjerna og så frys den gjerne.

– Sei ifrå

Vegvesenet var i Førde i går for å sjå på nokre stader der det er mykje is.

– Vi har funne nokre plassar vi skal rette opp. Vi klarer ikkje halde det berrt, men det skal vere mogleg å gå der. Folk må gjerne komme med tilbakemeldingar dersom dei ikkje er nøgde, så skal vi prøve å rette det opp.