Eldre sel husa sine for å flytte i nye leilegheiter

FØRDE (NRK): Oddny og Jostein selde huset og flytta inn til sentrum. – Myndigheitene bør oppmuntre til at enda fleire eldre gjer det same, seier forskar bak ny studie.

Ekteparet Jostein og Oddny Njøsen solgte einebustaden sin for å flytte i ei ny leilegheit i sentrum av Førde.

BUSTAD: – Og det er heis om vi blir skrøplege til beins, seier Oddny Njøsen, her i lag med ektemannen Jostein Njøsen.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Eg nekta å flytte fordi vi budde i det finaste nabolaget, seier Oddny Njøsen.

I lange tider kvidde ho seg for å flytte, og dessutan – kven skulle overta det fine huset?

Men då den yngste dottera melde si interesse, fall ting på plass:

– Då var det greitt fordi huset vart i familien, og eg kunne reise opp og stelle i hagen og prate med naboane, seier Oddny.

Då hadde mannen hennar, Jostein, vore klar i lange tider. Han var lei av plenklipping og snømåking, og, som han sjølv seier:

– Eg har ti tommeltottar.

Valet falt på ei toppleilegheit – med heis – midt i Førde sentrum.

– Mange «strategiske flyttingar»

Studiar viser at fleire eldre gjer som Oddny og Jostein, og flyttar til lettstelte og meir aldersvenlege bustadar inne i tettstadene.

– Det er mange som gjer slike «strategiske flyttingar», seier Jardar Sørvoll, leiar for prosjektet «Mobilitet blant eldre på bustadmarknaden – haldningar, drivarar og barrierar» ved OsloMet.

I 2018 var det 38.000 nordmenn i aldersgruppa 60 til 74 år som flytta på seg – ein auke på 67 prosent frå 2008.

Mobiliteten blant dei eldre kan også ha ei samfunnsøkonomisk oppside, seier Sørvoll.

I 2040 vil delen eldre over 80 år vere tilnærma dobla i forhold til i dag.

– Ved å byggje sentrale leilegheiter i distrikta kan tilsette i eldreomsorga bruke mindre tid på å reise rundt, og meir tid på dei eldre.

Forskar ved OsloMet og NOVA Jardar Sørvoll

KUNNSKAP: Forskar Jardar Sørvoll understrekar at det er behov for meir kunnskap om bustadsituasjonen til eldre med svak økonomi.

Foto: OsloMet

I rapporten tek han til orde for å styrke den offentlege innsatsen for å skape «ein meir aldersvennleg bustadmasse».

– Det er viktig at kommunen går inn å legge til rette for eldre i alle inntektsgrupper slik at det ikkje berre blir dei som klarer å hjelpe seg sjølv som bur komfortabelt.

Fråflytting frå grendene

– Det er bra at vi kan fange opp at folk kan ha ulike ønskjer og behov i ulike livsfasar, seier ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle (H).

Skattemessig treng ikkje trenden å bety så mykje. Studiane viser at dei fleste eldre helst flyttar innanfor kommunegrensene.

Ordføraren legg til:

– Så kan ein sjølvsagt problematisere at det kan skje ei uheldig fråflytting frå grendene. På den andre sida kan det jo lett vere slik at det då blir mogeleg for yngre folk med familie å skaffe seg større bustader i meir landlege omgivnader, med dei kvalitetane det gir.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus

BUTILBOD: Ordførar i Sunnfjord kommune, Olve Grotle seier at det er bra å ha ulike typar butilbod i kommunen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

I undersøkinga svarer 25 prosent av respondentane at dei ikkje har pengar til å flytte frå sin noverande bustad.

Ole Martin Eide er Fagansvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane. Også der ser dei spor etter flyttetrenden.

– Vi ser at eldre kundar har meir lån no enn dei hadde før, seier han.

– Kan trenden om at eldre flyttar meir enn før slå ut på unge som vil inn på bustadmarknaden?

– Det kan vere ein konsekvens, men eg trur nok sentralisering er ein større prisdrivar generelt. Men dette vert sjølvsagt forsterka av at også dei eldre no i større grad ønskjer å flytte sentralt.

– Har ikkje angra ein dag

– Det var heilt ideelt at vi flytta medan vi framleis var friske, og kunne venne oss til å bu her og greie ting sjølv. Vi blir jo eldre og visste ikkje kor lenge vi hadde klart å bu i huset, seier Oddny.

Oddny har ikkje angra ein dag på at ho flytta til ei leilegheit.

NØGD: Oddny har ikkje angra ein dag på at ho flytta til ei leilegheit.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Ho legg til:

– Og bosset, vi slepp å måtte passe på å ha bosspannet langs vegen til rett tid. Her tar vi oss berre av bosset som er under vasken.