Samstundes som rekrutteringa av yngre legar er liten, vil mange kommunar få svært store problem, seier fylkeslege Petter Øgar.

Petter Øgar. Foto: NRK
Fritak for vakter
Det er ikkje noko nytt at det er mangel på legar her i fylket. For å få bukt med dette problemet har mange kommunar gått inn i interkommunale legevaktsamarbeid. Men no vert det altså eit tilleggsproblem at mange av dei fastlegane som no jobbar her i fylket byrja på 1980-talet og difor har passert dei 50. Frå 55 år kan legar velje å få vaktfritak.
- Naudsynt med samarbeid
Fylkeslegen meiner at vidare skiping av interkommunale legevaktordninga er heilt naudsynt, men at dette aleine ikkje vil løyse problemet med stendig eldre legar.
Nasjonalt problem
Fylkeslege Øgar meiner dette er eit nasjonalt problem som helsestyresmaktene må få augene opp for. Han har difor skrive eit brev til sentrale helsestyresmakter og bede dei eit ta initiativ for å tenke gjennom dette.