Samnanger kommune droppar søksmål mot eks-barnevernssjef

Advokat John Christian Elden meiner risikoen er for stor til å tilrå eit historisk søksmål mot den omstridde barnevernssjefen i Samnanger. – Skuffande, seier ordføraren, som no legg ballen død.

Knut Harald Frøland og John Christian Elden

NEI TIL SØKSMÅL: Ordførar Knut Harald Frøland i Samnanger bad advokat John Christian Elden vurdera om den tidlegare barnevernsleiaren kunne saksøkast. No er konklusjonen klar.

Foto: NRK / NTB SCANPIX

Samnanger kommune bør ikkje gå til søksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren.

Det er konklusjonen til advokatfirmaet Elden, som har undersøkt ei av dei tre omstridde barnevernssakene i Samnanger.

– Dette var ikkje heilt uventa, men eg er sjølvsagt skuffa. Viss me hadde hatt kapital og ressursar til å gå vidare, er det ingenting som ville ha stansa oss. Men når situasjonen er som han er, trur eg det er lurt å runda av no, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) om utfallet.

Knusande rapport

Barnevernstenesta i den vesle vestlandskommunen fekk knallhard medfart i ei gransking i vår.

Advokatane bak granskinga, i tillegg til foreldre og barnevernsbarn, kom med ramsalt kritikk mot mannen som sat som barnevernsleiar frå 2004–2014.

NRK har tidlegare fortalt historia til faren Edvin og dei to brørne Stian og Aleksander. Familien blei oppløyst og søskena spreidde då faren blei fråteken omsorga for barna éin etter éin.

I mai bad politikarane i Samnanger Elden om å vurdera og eventuelt førebu eit søksmål mot den tidlegare kommunetoppen.

Då hadde kommunen betalt ut 1,7 millionar i oppreisingar. Barnevernssakene hadde kosta mellom 30 og 40 millionar.

Bakgrunnen for søksmålsvurderinga var dei grove overtrampa kommunestyret meinte barnevernssjefen hadde gjort i saka til familien Bolstad.

– Kommunestyret følgde ikkje godt nok opp

Etter nøye gjennomgang og vurdering har advokatfirmaet no kome fram til at det ligg føre stor søksmålsrisiko å fremja eit søksmål mot den tidlegare barnevernsleiar i Samnanger.

Årsaka er at regressansvar mot ein barnevernstilsett er uprøvd rett, og difor kan bli kostbart.

I tillegg er det lite som tyder på at den tidlegare kommuneleiinga i Samnanger følgde godt nok opp barnevernstenesta i perioden barnevernsleiaren regjerte.

Det kan verka negativt på utfallet, meiner Elden.

  • «Begår en ansatt alvorlig svikt, må en kunne forvente at arbeidsgiver utøver sin styringsrett og korrigerer slik at svikt ikke fortsetter. Det er forståelig at det kan være krevende å utøve en slik styring sett hen til at barnevernleder etter loven har øverste myndighet. Sånn sett er systemet med på å pulverisere ansvar», skriv advokatfirmaet.
Samnanger-ordfører Knut Harald Frøland

VEKKAR: Ordførar Knut Harald Frøland håpar Samnanger kommune har gitt nasjonale styresmakter ein vekkar. – Dette bør vera starten på det som må vera ein heilt naudsynt prosess med å betra barnevernssystemet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Reglane om teieplikt og informasjonsdeling i barnevernstenesta vil også kunne bidra til at kommunen ikkje oppdagar svikta, meiner advokaten, som likevel legg til:

– Desse forholda kan etter vår oppfatning ikkje frita kommunen for det ansvar det trass alt har for å sikra kvalitet ved å nettopp utøva sin styringsrett, heiter det i utgreiinga.

Frøland vedgår at kommunestyret er sett sjakk matt. Han går ut frå at saka no blir lagt død i det komande kommunestyremøtet.

– Det denne saka bør læra oss er at me som øvste styresmakt må tora og gå inn i saker som kan bli ubehagelege. Det er ikkje ein rettstat verdig at ansvaret blir pulverisert på denne måten.

Tysse i Samnanger kommune
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Knallhard dom over barnevernssjefen

LIkevel går utgreiinga langt i å gi granskarane rett i dommen dei felte over barnevernssjefen.

Etter at advokatfirmaet Elden har gått gjennom alle dokument i saka konkluderer dei med at:

  • barnevernsleiaren opptredde uforstandig og sterkt klanderverdig
  • arbeidet kan karakteriserast som grov uforstand i tenesta
  • samanfatningsvis har det blitt utvist grov svikt i tenesta, som har påført barna i familien unødvendig store lidingar
  • handteringa er uforståeleg sett i lys av det ansvaret som kviler på barnevernstenesta, og vitnar om manglande forståing og fagkunnskap

Før familien flytta til Samnanger hadde den dåverande heimkommunen fatta fleire titals hjelpevedtak for å gjera kvardagen enklare og betre. Slik var det også dei første åra i Samnanger.

Advokatfirmaet er samd med granskarane i at manglane i familien kunne ha blitt møtt med mindre inngripande tiltak enn omsorgsovertaking.

– Retrospektivt er det mykje som tyder på at eit framhald av mindre inngripande tiltak hadde vore meir rimeleg, og det er å anta at barna med det ville fått ei langt betre utvikling, heiter det.

Edvin Bolstad i Samnanger

LETTA: Edvin Bolstad er glad for at utgreiinga til Elden gir granskingsrapporten fullt medhald. Han mista til slutt omsorga for tre av sine fire barn etter fleire år med hjelpevedtak i heimen. Ifølge Elden var grunnlaget for omsorgsovertakingane svakt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ser på dette som nok ei stadfesting

Eit regressansvar inneber at ein har krav på å få dekt eit beløp ein har betalt på vegner av ein annan. I dette tilfelle er det den oppreisinga kommunen har betalt til Edvin, Stian og Aleksander Bolstad, i tillegg til søstera, som dei eventuelt ville krevja tilbakebetalt av den tidlegare barnevernssjefen.

Summen utgjer 700.000 kroner.

– Eg ser på dette som endå ei beinhard stadfesting på den uretten som blei gjort mot oss, seier Edvin Bolstad til NRK.

Han er skuffa over at utgreiinga rår frå eit søksmål, men er takksam for at kommunen har gitt saka eit forsøk.

– Eg synest det er trist at ikkje barnevernsleiaren kan stillast ansvarleg, men eg har forståing for at det er krevjande juss og at det vil bli dyrt for kommunen. Det betyr veldig mykje for meg og mine barn at to advokatar no har stadfesta det same, poengterer Bolstad.

Støttespillere satt utenfor da kommunestyret i Samnanger vedtok å gå videre med søksmål

STØTTE: Eit titals støttespelarar frå store deler av Sør-Noreg reiste i vår til Samnanger for å visa si støtte i forkant av kommunestyremøtet der politikarane vedtok å greia ut eit søksmål.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fekk inn 100.000 kroner i «søksmålsgåver»

Samnanger kommunen har hatt utgifter på vel 350.000 kroner i samband med vurderinga. Etter å ha trekt frå vel 100.000 kroner som kommunen har fått i pengegåver, har den juridiske vurderinga kosta ein kvart million.

– Eg meiner det er vel anvende pengar. No kan me setja eit punktum vel vitande om at alternativet er vurdert, seier Frøland.

I staden anbefaler Elden at kommuneleiinga, framfor eit søksmål, utarbeider eit system som sikrar god kvaliteten i barnevernstenesta.

Det er i tråd med det Samnanger kommune allereie er i gang med.

Ordførar Frøland meiner Samnanger no driv nybrottsarbeid når dei er i ferd med å bygga opp eit nytt barnevern.

– Me er i gang med å få på plass ein modell og eit system. Det skal verta ein tryggleik mot at slike ting aldri meir skjer i Samnanger.

Etter gjentekne forsøk gjennom dekninga av barnevernssakene i Samnanger har det ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med den tidlegare barnevernssjefen. Gjennom eit familiemedlem har barnevernsleiaren opplyst til NRK at han ikkje vil uttala seg til media.