Hopp til innhold

Elbilsalet går ned – for få ladarar får skulda

Elbilsalet er lågare enn på lenge, og særleg i grisgrendte strok blir det no selt veldig få elbilar. Regjeringa får kritikk for å ikkje byggje ut ladarar fort nok.

bqXwxvNvfpQ

NEDGANG: Noreg er det landet i verda med høgast elbilprosent, men den siste tida har salet likevel gått nedover.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– I Førde er det berre to hurtigladarar, og no skjer det faktisk ofte at det er kø for å få lada der, seier Berit Hornnes.

Ho og familien hennar har to elbilar, og klarar seg bra med dei.

Men når det blir stadig fleire elbilar utan at talet på ladarar går opp, er det ikkje sikkert at alle tek sjansen på det.

I alle fall syner dei ferske salstala frå Opplysningsrådet for veitrafikken for desember at nedgangen i elbilsalet no held fram for tredje månad på rad.

Berit Hornnes

FORNØGD, MEN FOR DÅRLEG: Berit Hornnes og familien hennar køyrer berre elbilar, og er fornøgd med det. Likevel tykkjer ho utbygginga av elbilladarar i distrikta er for dårleg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Både i desember, november og oktober 2019 var elbildelen av nybilsalet lågare enn i tilsvarande månadar i 2018. Men totalt sett har salet av elbilar gått opp i 2019 samanlikna med året før.

Totalt i heile landet enda elbilprosenten i nybilsalet for 2019 på 42,4 prosent, men i desember var han nede på 30,5 prosent. Ei forklaring kan vere at mange sit på gjerdet og ventar på nye elbilar med lengre rekkevidde som er venta frå fleire av produsentane. Innan 2025 er det venta over 20 nye elbil-modellar på marknaden.

– Det er nok fleire grunnar til det, men ein av grunnane kan vere at utbygginga av ladeinfrastruktur ikkje skjer fort nok, seier Unni Berge i Elbilforeningen.

Særleg i distrikta kan det vere langt mellom ladarar, og det er også i dei minst folkerika fylka at elbilsalet no går treigast. I Sogn og Fjordane var berre 17,5 prosent av bilane som var selde i desember elbilar og i Finnmark berre 11,8 prosent.

I alle landets fylka har det vore ein klar nedgang i elbilsalet dei siste tre månadane i 2019.

– Vi har trua på dette skal ta seg opp etter kvart, men då må regjeringa gjere meir for å byggje ut ladarar, særleg i distrikta, seier Berge.

Unni Berge, Norsk elbilforening

MÅ GJERE MEIR: Unni Berge i Elbilforeningen meiner at regjeringa må gjere mykje meir for å byggje ut ladarar til elbilar.

Venstre: – Vi er verdas beste elbilland

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Sveinung Rotevatn (V) har fått med seg at salet av elbil no er på veg ned, men peikar på at elbilsalet likevel var mykje høgare i 2019 samanlikna med 2018.

– Det vil alltid vere slik at det er svingingar i elbilsalet, men det er framleis slik at i fjor vart det selt fleire elbilar enn diesel- og bensinbilar. Det er ingen andre land enn Noreg som er i nærleiken av det.

Når det gjeld utbygginga av ladarar, er Rotevatn samd at det går for treigt i dei mest grisgrendte stroka.

– Og vi gir også støtte til å byggje ut ladarar, til dømes i Nord-Troms og Finnmark. I meir urbane strok går utbygginga veldig bra, og der ønskjer vi heller ikkje å forstyrre den private utbygginga som er lønsam, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

SVINGINGAR: Statssekretær Sveinung Rotevatn i Klima- og miljødepartementet trur nedgangen i elbilsalet er svingingar som kjem til å gå opp att.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Saknar støtteordning for sameige og burettslag

Sjølv om det no går ned med elbilsalet, har Elbilforeningen trua på 2020 kan bli tidenes beste år for elbilar i Noreg.

Om det ikkje skal føre til endå meir ladetrøbbel, meiner dei at regjeringa må ta fleire konkrete grep for å betre ladeutbygginga.

– Det er framleis ein lang veg å gå før elbil er førstevalet for alle når dei skal kjøpe seg ny bil, og der er ladeinfrastrukturen heilt avgjerande. Regjeringa har lenge lova at dei skal få på plass ei støtteordning for elbilladar i burettslag og sameige, det må no skje.

Når det gjeld det sistnemnde, kan Rotevatn fortelje at dette er noko dei jobbar med.

– Her har vi eit forslag på høyring, så dette følgjer vi opp.