Hopp til innhold

Jublar for ny lovtolking: – Ein stor siger for elbilistar

Skal elbileigar eller heile burettslaget betale når det skal brukast pengar på nytt ladeanlegg? Ny lovtolking svarar at det som hovudregel «skal fordelast på alle».

Unni Berge

VIKTIG PRESISERING: Unni Berge i Elbilforeningen meiner lovtolkinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet er viktig for fleire hundre tusen elbileigarar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Det blir feil at elbilistane i dag skal ta heile rekninga, og at dei som koplar seg på seinare slepp unna fordi då er mykje av infrastrukturen allereie nedbetalt, seier Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening.

Frå nyttår har du lovfesta rett til å lade heime. I fjor haust vedtok Stortinget endringar i lovene som også gjeld for burettslag og sameige.

Men dei siste vekene har Elbilforeningen fått fortvilte e-postar frå fleire titals eigarar av elbilar i burettslag.

Striden står om den enkelte bileigaren eller heile burettslaget skal betale når det skal brukast pengar på nytt ladeanlegg.

– Sakene handlar om elbilistar som foreslår for burettslaget sitt at dei skal investere i ladeanlegget og fordele den investeringa på felleskostnader. Det har dei fått nei til frå burettslaget, seier Berge.

Ny lovtolking

Førre veke kom ei presisering av lovverket frå kommunaldepartementet.

Her står det at kostnader til etablering av infrastruktur «vil som hovudregel være felleskostnader som skal fordelast på alle».

– Dette er ein kjempesiger for dagens elbilistar og for framtidige elbilistar, seier Berge.

I tillegg blir det slått fast at styret i eit burettslag ikkje berre kan fordele kostnadane på dei som får ladepunkt.

Elbilforeningen jublar og meiner dette er ein klar siger for elbilistar i burettslag.

– Ladeboks og straumforbruk er sjølvsagt ein kostnad for den enkelte elbilist. Men når du legg kablar i ei fellesgarasje, som alle kan kople seg på, då er det ein felleskostnad som må fordelast på alle, seier Berge.

Lading av elbil

STRID OM LADEANLEGG: Elbilforeningen har dei siste vekene fått fleire førespurnader rundt kven som skal betale infrastrukturen til nye ladeanlegg i burettslag.

Foto: Robert Hansen / NRK

Trur folk har droppa elbil

Elbilforeningen har fått inn eksempel på at burettslag går inn på avtalar med ulike selskap som tek investeringskostnaden, men der heile rekninga går til elbileigarane gjennom ulike abonnementsordningar.

Ordningar som kan koste frå 3000 til 9000 i året, alt etter bruk og kor mykje kunden køyrer.

– Folk har teke kontakt med oss der dei seier at dei ikkje lenger har tenkt å kjøpe elbil, fordi avtalen burettslaget har inngått er så dyr at det ikkje lenger løner seg, seier Berge.

Fleire saker den siste tida, som her i Nettavisen, har vist at den nye lova engasjerer og provoserer.

Ein million elbilar i 2025

Men dei siste tala viser at behovet for lading heime vil auke stort i åra som kjem.

  • I heile 2020 var 54 prosent av nybilsalet elbilar, men i desember 2020 var talet auka til nesten 67 prosent, ifølge Opplysningsrådet for Veitrafikken.
  • Elbilforeningens eigne prognosar viser at talet på elbilar vil auke frå 350 000 i dag, til over ein million i 2025.

Når elbilen blir den nye normalen, meiner Berge at fellesinvestering i ladeanlegg vil auke verdien på alle leilegheiter, også dei som ikkje har elbil.

Også forbrukarorganisasjonen Huseierne ber medlemmar følge nøye med den siste lovtolkinga, og skriv på heimesida at burettslag kan kome i ei felle dersom dei vel å leige ladeanlegget.

Faksimilie frå heimesida til Ohmia

HEIMESIDE: «Lademulighet for alle. Berre de som lader betaler», skriv Ohmia Charging på nettsida si.

Foto: Bilete frå nettsida til Ohmia Charging

Gjer endringar

Etter den siste utviklinga varslar Elbilforeningen ei tøffare linje overfor selskap som tilbyr ulike leige- og abonnementsordningar.

Det største selskapet, Ohmia Charging, marknadsfører seg med «lademulighet for alle. Bare de som lader betaler»

Eit anna selskap, Ladeklar, skriv: «Kostnadsfritt for boligselskapet» og «Beboere uten ladebehov betaler ingenting».

Sistnemnde seier dei vil endre marknadsføringa i nær framtid og at dei vil gjere endringar i forretningsmodellen:

– Vi har gjort tilpassingar i vår modell slik at denne er i tråd med den nye lovendringa. Vi er opptekne av å gi kundane våre fridom, og bustadselskapet vel sjølv om dei ønsker å kjøpe eller å leige den delen av ladeanlegget som blir rekna for å vere felles infrastruktur, seier dagleg leiar Stian Bjørhei.

Ohmia Charging svarar slik:

– Som departementet ønsker vi at alle skal ha moglegheit til å lade elbilen heime til ein fornuftig og rettferdig kostnad. Vi kan ikkje sjå at presiseringa vil ha noko betydning for vår forretningsmodell, kor elbilistane kjøper abonnement på talet på kilometer dei køyrer. Kostnadane på sjølve anlegga tek vi i heilskap på vår kappe, seier adm.dir. Eirik Grøstad.