Hopp til innhold

Ekteparet meiner livet i minihus gjer dei meir klimavennlege

GLOPPEN (NRK): Mindre hus, færre ting. Kvardagen på 18 kvadratmeter har gjort det enklare for ekteparet Guro og Mats Herman Aunevik å leve miljøvennleg.

Mats Herman og Guro Aunevik

SER MANGE FORDELAR: Det friluftsinteresserte paret ser mange fordelar med å bu i minihus. Ikkje minst opplever dei å vere nærare naturen, med uteområdet nesten som eit ekstra rom i huset.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Frå sofakroken har dei vidt utsyn over fjord og fjell. På vel 7 gonger 2,5 meter har ekteparet Guro og Mats Herman Aunevik (26) fått plass til både stove, kjøkken og soverom, men også gjestehems, badekar og vedomn.

– Det fungerer bra i kvardagen, seier Mats Herman Aunevik.

Då det unge paret skulle ha sin eigen bustad, var ønsket om å byggje noko eige, ha meir fleksibilitet og større økonomisk fridom utgangspunktet.

– Så har det blitt eit miljøaspekt undervegs, det med å ha eit lite hus og eige færre ting, seier Guro Aunevik.

Det særeigne huset blei først omtala av Framtida.no.

Ny tenkjemåte

I mai i fjor starta planlegginga. Ein sommar, haust og mange arbeidstimar seinare, kunne dei flytte inn i desember. Prislappen kom på knappe fem hundre tusen.

Minihus Mats Herman og Guro Aunevik

MEIR BEVISSTE: Ekteparet Mats Herman og Guro Aunevik seier dei har blitt meir bevisste kva dei faktisk treng etter å ha flytta i minihus. – Alt må ha sin plass. Ein har det ein treng og ikkje noko meir.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Men overgangen frå ein stor, leigd einebustad kravde at dei kvitta seg med mange eigedelar.

Eg har brukt mykje tid på å sortere

Guro Aunevik

– Det hadde vore enkelt om ein berre kunne kaste ting, men vi har lyst til at andre kan bruke det, seier Guro Aunevik.

No er turutstyr, verktøy og bildelar plassert i leigd naust. Elles har dei alt dei treng i huset.

Paret meiner livet på færre kvadratmeter gjer det lettare å ta klimavennlege val i kvardagen. Tankegangen er med dei også over på andre område.

Minihus i Gloppen

HAR GJORT DET MESTE SJØLV: På utsida er huset kledd i aluminium, på innsida er det treverk og moderne interiør. Med unntak av hjelp frå røyrleggjar, elektrikar og blekkslagar har ekteparet gjort alt sjølve. Straum og vatn kjem frå nabohuset.

– Ein må tenkje over kva ein kjøper og kva ein har. Ta til dømes emballasje når ein handlar i butikken – vi har ikkje plass til så mykje søppel.

Guro Aunevik

– Og så låser ein seg litt, ein kan for eksempel ikkje drive å byte ut møblane, seier ektemannen.

Aukande interesse

Paret er ikkje aleine om å satse på minihus. I Aurland har arkitekt Gøran Johansen budd slik i tre år, med berre positive erfaringar. Han er medadministrator i Minihus i Norge, ei ressursgruppe på Facebook med vel 5000 medlemmer.

– Konkrete tal har eg ikkje, men at det er blitt ein veldig store auke dei siste åra er det ikkje tvil om, seier Johansen, som trur endra livsstil gjer at fleire vil satse på minihus.

Det finst mange løysingar for minihus, nokre er sjølvbygde, andre ferdigbygde. Nokre er regulerte som feriebustader, andre står på hjul.

Minihus

HUS PÅ JUL: Minihuset står på ein hengar like ved Gloppefjorden. Utan innhald veg det under 3,5 tonn og kan difor fraktast.

Foto: Privat

– No blir ein saman, giftar seg, skil seg, ein er kanskje aleineforelder ein periode eller studerer når ein er førti. Behovet for å ha meir fleksibel økonomi speler inn og heng saman med kva ein eigentleg treng av areal.

Arkitekt Gøran Johansen

Pilotprosjekt

Og kanskje blir det no enklare å bygge smått. Regjeringa har bede Direktoratet for byggkvalitet om å gjennomføre eit forprosjekt om mikrohus, opplyser statssekretær Thorleif Fluer Vikre (Frp) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Mikrohusprosjektet kan ha eit todelt føremål. Vi kan frå statens side forenkle prosessen med å oppføre mikrohus, samstundes som prosjektet kan fungere som ein testarena for digitalisering av bygningsreglar,

Ekteparet Aunevik er fornøgde med sitt husval. Huset kan dei ta med seg om dei vil, men førebels står det trygt plassert ved fjorden.

– Vi begynner å trivast meir og meir, seier Guro Aunevik.