Hopp til innhold

Ektepar nekta å dra på karantenehotell etter sydentur – får 40.000 i bot

Vest politidistrikt deler ut bøter til tre personar etter brot på smittevernreglane. Til saman må dei ut med 60.000 kroner.

Koronatest-stasjon Flesland

DYR SYDENTUR: Eit ektepar får 40.000 kroner i bot etter å ha vore i Spania. Årsaka er at dei ikkje ville leggje seg inn på karantenehotell då dei kom heim til Noreg.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Eit ektepar i 60-åra landa på Flesland i midten av april etter å ha vore på reise i Spania. I tråd med reglane skulle dei ha brukt karantenetida på hotell.

Men det ville dei ikkje.

– Hovudregelen no er at dei som kjem inn i landet må på karantenehotell. Det finnast unntak, men ingen av desse slo til i dette tilfellet, fortel politiadvokat Laila Skeide.

Krav om opphald på karantenehotell ved framkomst Noreg vart innført 19. mars.

Ifølgje Skeide meinte ekteparet at det ville vere vel så trygt å reise heim til seg sjølve.

Utanlandsturen vart ikkje rekna som nødvendig, og no må kvar av dei betale 20.000,- kroner i bot.

– Desse bøtene er standardiserte, fordi det er eit poeng å ha lik behandling for alle som bryt reglane, seier politiadvokaten.

Til saman får ekteparet 40.000 kroner i bot.

– Vi har ikkje fått svar på korleis ekteparet stiller seg til bota, legg Skeide til.

6. april opplyste Ullensaker kommune at rundt 30 personar var meldt til politiet for å stikke frå hotellet dei skulle sitte i etter utanlandsopphald.

Smitta hadde besøk i eigen heim

Ekteparet i Bergen er ikkje dei einaste som no må betale dyrt for ikkje å overhalde reglene for smittevern.

Ein mann i 20-åra frå Førde i Sunnfjord har fått bot på 20.000 kroner for brot på isolasjonsplikt etter at han var bekrefta smitta.

Den unge sunnfjordingen skal hatt besøk av andre i sin eigen heim i perioden han skulle vere isolert.

Oslo er politidistriktet i landet med flest koronasaker. Over 500 saker har blitt tatt hand om sidan mars 2020.

I Vest politidistrikt har det sidan mars 2020 blitt gitt ut 36 bøter for brot på smittevernreglane. Satsen på bøtene varierer frå 5000 kroner ti 27.000 kroner, avhengig av alvoret i saka.

Denne helga vart to personar i 20-åra meldt til politiet etter ein fest på Møhlenpris i Bergen sentrum.

Politiet rykka ut festen i ein leilegheit etter klager på støy. Det var 12 personar på festen, og alle er identifisert.

– Dei var for mange samla i leilegheita. Arrangørane, som er dei to som bor på adressa, vert difor meldt for brot på den lokale covid-forskrifta, seier politioverbetjent Sissel Becker til NRK.

Antall korona-saker per politidistrikt

Politidistrikt:

Anmeldelser:

Straffereaksjon/siktelse/tiltalte

Ingen reaksjon/under etterforskning

Vest:

46

36

36

Innlandet:

139

93

46

Agder:

81

12

69

Troms:

38

47

Ikke oppgitt

Sør-Vest:

64

23

29

Møre og Romsdal:

31

20

11

Sør-Øst:

104

20

84

Oslo:

503

198

305

Øst:

232

155

77

Trøndelag: (tall fra november)

34

Ikke oppgitt

Ikke oppgitt

Nordland: (tall fra november)

10

Ikke oppgitt

Ikke oppgitt

Finnmark: (tall fra november)

4

Ikke oppgitt

Ikke oppgitt

Ekspander/minimer faktaboks