Ektepar midt i orkanen "Irene"

Gerd Marie Brekke og mannen Kjell har dei siste dagane fått oppleve naturkreftene i USA. No er dei utan straum og internett og ventar på at orkanen " Irene" skal gje seg.

Video Orkanen Irene nærmer seg New York
Foto: Nyhetsspiller

Ekteparet frå Vik i Sogn er på besøk hos sonen Vidar og familien, som bur i New Jersey i USA. I natt har ni personar lege på flatseng i kjellaren i huset og garasjen er fylt opp med eigedelar.

Video Orkanen Irene i North Carolina

ORKAN I NATT: Orkanen 'Irene' slo til for fullt i New Yersey i natt.

Foto: Nyhetsspiller

Den frykta orkanen "Irene" har herja stygt på austkysten av USA og søndag føremiddag norsk tid, trefte "Irene" land for andre gang på seie ferd langs kysten.

370.000 personar er bedne om å evakuere frå lågtliggjande område på Manhattan, og Hudson-elva har gått over sine breidder.

Vidar Brekke, kona Laurie og den vesle dottera Charlie Nicole bur 25 meter over havet i Atlantic Highland, eit kystområde i New Jersey

Utan straum og internett

I heile natt har familien vore utan straum og internett. Dei har heller ikkje lov til å gå ut, og ingen veit difor korleis det ser ut i nærområdet.

– No er det som ein kraftig hauststorm med regn, og det har gått bra med huset vårt, fortel Gerd Marie Brekke. Verste perioden var i natt, då det var mørkt ute, det synst eg var skremmande.

Til saman ni personar er samla i huset som ligg 45 minutt med hurtigbåt frå New York. I forkant av orkanen "Irene" har dei hamstra mat og drikke og fått alle "lausøyre" i hus.

Førebur seg på orkan

ORKAN I VENTE: Kjell Brekke fyller vatn i bøtter og spann.

Foto: Kjell Brekke

Veit ikkje kor tid dei får reise heim

Ekteparet Brekke skal etter planen ta fly heim frå New York på tysdag, men Gerd Marie er usikker på kva som skjer.

– Flyplassen er stengt i dag og i morgon, så vi får berre vente på meir informasjon. Orkanen har mista noko av krafta seie, og folk på heile austkysten håpar no det verste er over, seier Brekke.

Sjølv om ekteparet både har opplevd etterskjelv etter jordskjelvet den 23. august og kraftig vind, har dei hatt ein fin ferie.

–Vi reknar med at dette går bra, og har opplevd mykje under opphaldet i USA, avsluttar Gerd Marie Brekke.