Sjå før og etter-bileta: Dramatiske endringar i Jølster etter raset

VASSENDEN (NRK): Ekstremvêr på Vestlandet har kosta ein kvart milliard kroner på berre seks år. Deler av Jølster er ikkje til å kjenne igjen etter rassikring det siste året.

Bilete av Årsetelva sett frå Gjesthalla
Bilete av Årsetelva sett frå Gjesthalla

Bileta av Årsetelva frå juli 2019 og juni 2020 er som natt og dag.

Hallstein Dvergsdal (Firda Tidend)/Oddleif Løset (NRK)

I byggefeltet Årsetbakkane i Jølster er ein av plassane det er brukt store summar på å rydde opp etter ras det siste året.

No viser fint lite av elva sine herjingar 30. juli i fjor. Då opna slusene seg for alvor over Sunnfjord og Gloppen , og det gjekk ni større jordskred på få timar.

NVE Region Vest har brukt ein kvart milliard kroner sidan 2014 på haste- og krisetiltak etter stadig fleire hendingar med styrtregn, flaum og jordskred.

Og meir skal det bli, meiner forskarane .

Bernt Kjøsnes

NØGD: – Det er trygt her, så lenge ein ikkje får 100-200-årsflaum. Skråningane frå elva er ganske høge, så elva sluker meir vatn enn før, seier Bernt Kjøsnes.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I byggefeltet i Jølster nærmar det seg slutten på dagleg maskindur og anleggstrafikk når NRK er på besøk.

– Det er blitt veldig bra. Dei har mura, plastra og pussa veldig godt opp att. Eg skal kjenne meg trygg no, seier Bernt Kjøsnes.

  • Sjå bileta av korleis store delar av Jølster har endra seg det siste året lenger nede i saka.

Kjenner på uro

Kjøsnes har elva som sin næraste nabo. Sjølv om dei fysiske skadane er reparerte og elva er blitt tryggare, merkar Kjøsnes at dei psykiske påkjenningane set meir i enn ein merkar i kvardagen.

Huset til Bernt Kjøsnes juli 2020
Huset til Bernt Kjøsnes etter raset i juli 2019.

Elvesida ved huset til Bernt Kjøsnes er ikkje til å kjenne att etter skredet i fjor.

Linda Olin Reite/Oddleif Løset/NRK

Blir vêrvarselet dårleg nok, er han budd på å pakke sakene og reise med familien.

Eg trur vi framleis reiser vekk om det blir mykje vatn, seier Kjøsnes og legg til:

– Blir det trykkande, mørke skyer eller varsel om mykje nedbør, så må eg sjekke vêrmeldinga. Gjerne fleire gonger, seier han.

Prislapp: 10 millionar

I dag overleverer NVE elva til Sunnfjord kommune. Med ein prislapp på kring ti millionar kroner, er ikkje flaumsikringa av dei dyraste tiltaka NVE Region Vest har gjort etter flaum og skredhendingar siste åra.

Årsetelva sett frå Vassenden
Årsetelva sett frå Vassenden

Årsetelva sett frå Vassenden.

Oddleif Løset/NRK

I Årsetbakkane står det rett nok att noko planering av terreng, og kommunen må rive og byggje ny bru når dei no tek over.

– Vi er ikkje heilt ferdige med maskinduren, men det viktigaste er at elva er sikra, seier Kjøsnes.

NVE Region Vest fekk 213 millionar kroner ekstra over statsbudsjettet etter oktoberflaumen i 2014. Midlane vart brukt i tre fylke, 19 kommunar og 42 prosjekt over fleire år.

I år har NVE sett av ti millionar til sluttføring av tiltak i Sunnfjord og Luster.

Kostnader NVE Region Vest har hatt på krise- og hastetiltak

År

Krisetiltak

Hastetiltak

Forbruk i millionar

Totalt

121,3

132,2

253,5

2014

20,5

0

20,5

2015

62,3

14,4

76,7

2016

0,8

49,3

50,1

2017

11,6

46,6

58,2

2018

4,3

17

21,3

2019

21,8

4,9

26,7

Anders Muldsvor, nve region vest

KREVJANDE: Terrenget er bratt og sikringsarbeidet har vore krevjande. – Spesielt masseflytting er krevjande i bratt terreng, og det var mykje masse som flytta på seg under flaumen, seier prosjektleiar Anders Muldsvor i NVE.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Såg ut som katastrofeområde

Styrtregnet i fjor sommar gjorde skade ei rekkje stader. På sørsida av Jølstravatnet omkom ein mann i 50-åra då bilen hans vart teken i eit jordskred.

I Gloppen fekk verftet Brødrene Aa fekk skade for 50 millionar kroner.

På Vassenden har Årsetelva vore gjennom oppgraderingar tilbake til 1960-talet. Frå 2020 er den dimensjonert for ein 200-årsflaum i år 2100.

NVE, som har vore samanhengande til stades sidan dag to etter skredet, har teke høgde for klimautvikling.

Årsetelva før og etter NVE
Årsetelva før og etter NVE

Årsetelva på Vassenden er byrja å ta form etter jordskredet sommaren 2019

Oddleif Løset/NRK

– Det såg ut som eit katastrofeområde. No har vi bygt opp att eit heilt nytt elveløp og dimensjonert ut frå dei kriterium vi har i dag, seier prosjektleiar Anders Muldsvor i NVE.

Mellom anna er elveløpet grave ut og utvida. Sideskråningane er plastra.

Muldsvor er glad for å overlevere ei elv som er langt tryggare enn 30. juli 2019.

– No kan innbyggjarane kjenne seg vesentleg tryggare enn noko sinne. Heile strekkja frå E39 til rassikringa er oppgradert, seier han.

Les fleire saker om Jølster-rasa:

ÅRSETELVA: Det vart dramatisk då styrtregn gjorde at fleire elvar gjekk over sine breidder i Sunnfjord og Gloppen i 30. juli i fjor. I snart eitt år har NVE arbeidd langs Årsetelva på Vassenden.