Hopp til innhold

- Nordfjordingane bør snu døgnet

I morgon, måndag 22. februar, må innbyggjarane i Eid, Hornindal og Stryn ut med 4,10 kroner per KWh som dei nyttar.

Samstundes som sunnfjordingane betalar 1,23 kroner i snitt per KWh, og bergensarane betaler 50 øre, må honndøler, stryningar og eidarar verkeleg punge ut for straumforbruket. Ifølgje nordpool vil snittprisen der vere 4,10 kroner per KWh.

- Eg har følgt med i nokre år på nordpool sine nettsider, men eg kan ikkje hugse at det har vore så store utslag tidlegare, fortel Rune Nydal, som er styremedlem i Småkraftforeininga.

- Vent med middagen

Årsaka er at Eid, Hornindal og Stryn ligg under prisområdet i Midt Norge. På det høgaste vil timeprisen i Nordfjord vere 11 kroner per KWh. Det skjer på ettermiddagen når straumforbruket er som størst.

- Eit tips kan kanskje vere å snu døgnet og lage middag på natta og følgje med på OL, seier han.

Dei andre nordfjordkommunane Vågsøy og Selje ligg under prisområde 1, som er det same som til dømes Oslo.