Hopp til innhold

Eksplosjonen forureina ikkje vatnet

Overflatevatn kring tidlegare Vest Tank i Gulen luktar ikkje, og er ikkje forureina som følgje av eksplosjonen ved Vest Tank 2007.

Sløvåg

Oversiktsbilete frå Sløvåg.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det er konklusjonen på ei undersøking gjort av Norges Geotekniske Institutt (NGI) på oppdrag for Statens forurensningstilsyn (SFT). Dette vart gjort i april 2009 etter oppmoding frå innbyggjarane.

- Resultata viser at det ikkje er spor av forureining som skuldast eksplosjonen i 2007, sler seksjonssjef ved seksjon for industri- og offshorekontroll, Bjørn Bjørnstad, fast.

Testa 11 stadar

SFT bad NGI om å undersøke tjern, myrområde, bekkar og anna overflatevatn etter eksplosjonen. NGI tok også like etter eksplosjonen i mai 2007 prøvar av jord og overflatevatn sju stadar i Gulen. Dei same sju stadane vart testa i år, i tillegg til fire nye stadar.

Det vart heller ikkje for to år sidan funne spor av organiske svovelbindingar. For andre kjemiske bindingar var forureiningsnivået lågt.

Synfaring og prøvar

Basert på synfaring, prøvetaking og analyse, konkluderer NGI med at området ikkje er påverka av forureining som kan knytast til eksplosjonen.

- Vi må konkludere med at vasskjeldene ikkje bidreg til lukt i området, slik at dei helseplagene som hovudsakleg skuldast luktproblematikk kan ikkje skuldast vasskjeldene i området, seier Bjørnstad.

Ikkje nye undersøkingar

Det er ikkje påvist organiske svovelbindingar i noko av vassprøvane og det vart heller ikkje registrert lukt frå slike bindingar under prøvetakinga eller i samband med analysearbeidet.

Både representantar frå Universitetet i Bergen og Helse Vest, var med på delar av prøvetakinga. Bjørnstad meiner at det utifrå resultata ikkje er grunnlag for å gjere fleire prøvar av overflatevatn i Gulen.

- Men når det gjeld verksemdsområdet så vil vi følgje opp og forsikre at dei driv forsvarleg vidare, og vi utelukkar ikkje nye undersøkingar, seier Bjørnstad.

(Saka held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_6_29_18_17_8_613.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Følgjer opp PCB-funn

SFT finn likevel grunn til å følgje opp eit funn av PCB som vart påvist frå vassbassenget på Halsvik, i Tjørndalen og ein i dreneringsdamen på verksemdsområdet til Alexela Sløvåg. Konsentrasjonen var høgare enn i undersøkinga for to år sidan, men likevel ikkje høgare enn det styresmaktene tidvis kan finne på industriområde.

I naturlege vasskjelder som vassbassenget på Halsvik og Tjørndalen tjern skal det likevel ikkje vere PCB.SFT avvisre at førekomsten av PCB skuldast Vest Tank-eksplosjonen, men vil følgje dette særskilt opp både på og utanfor industriområdet.