Matvogn eksploderte i Eidfjord: – Truleg propanlekkasje

Ingen personar vart skadd då ei matvogn gjekk i lufta ved riksveg 7 i Eidfjord.

Gatekjøkken, matvogn, Eidfjord, eksplosjon

TOTALSKADD: Matvogna er jamna med jorda.

Foto: Gunvall Medhus

Det er 110-sentralen i Hordaland som melder om eksplosjonen klokka 12.15. Det er ei matvogn som skal ha eksplodert i Eidfjord i Hardanger.

Vogna stod parkert i sentrum av Eidfjord. Det var etter eksplosjonen redusert framkomst på riksveg 7 som går gjennom bygda.

– Det er ingen indikasjon på at det var nokon i bygget då den eksploderte, men to personar som var i nærleiken blir sett til av helsepersonell på staden, opplyser vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen til NRK.

Dei fekk melding om eksplosjonen 12.09. Både politi, brannvesenet og ambulanse er på staden.

Det skal gå bra med dei to personane som har fått helsehjelp. Dei har ikkje fått skader, ifølge politiet.

Matvogn eksploderte i Eidfjord

KRAFTIG: Brannvesenet seier matvogna eksploderte med eit kraftig smell. Vogna er totalskadd.

Foto: GUNVALL MEDHUS

– Truleg propanlekkasje

Brannvesenet seier at matvogna er totalskadd. Ifølge Drotningsvik i brannvesenet har det vore eit kraftig smell.

Matvogna skal ikkje ha vore open då eksplosjonen skjedde. Politiet er i kontakt med eigaren. Førebels er årsaka til eksplosjonen ukjend.

– Vi veit jo at slike matvogner har propangass for tilbereding av mat, så vi mistenker gasslekkasje med etterfølgjande eksplosjon, seier Drotningsvik.

Klokka 12.35 er riksveg 7 rydda og open igjen for fri ferdsle. Politiet meiner det er ikkje fare for at enno meir skal eksplodere.