Hopp til innhold

Kva er syndromet som kan gjera friske unge alvorleg sjuke etter covid-19?

Eit barn under 18 år vart alvorleg sjuk etter koronainfeksjon. Årsaka var ein tilstand som blir kalla multiorgan inflammatorisk syndrom hjå barn. Men kva er det – og kor farleg er det?

organ-intensiv-1
Foto: Therese Pisani / NRK

Måndag vart det kjend at eit barn under 17 år, smitta av koronaviruset, var innlagd på intensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Ifølgje Helse Bergen var årsaka at barnet hadde den sjeldne, men kjende følgjetilstanden MIS-C (Multiorgan inflammatorisk syndrom hjå barn). Tysdag var pasienten ute av intensiven.

Men kva er så denne sjukdommen?

Det har frå midten av april i år kome rapportar frå fleire land om ei lita auke i sjukehusinnleggingar av barn og unge knytt til følgjetilstanden av covid-19-infeksjon.

Vi spurde to spesialistar på barnesjukdomar om den sjeldne seinreaksjonen. Vi har fått svar frå Claus Klingenberg frå Universitetet i Tromsø og Margrethe Greve-Isdahl i FHI.

kultur1

Kva er MIS-C?

– MIS-C er ein betennelsestilstand som kan kome i etterkant av ein infeksjon med koronaviruset. Sjukdomen liknar på ein annan tilstand som heiter Kawasakis sjukdom, som gjev ein kraftig aktivering av immunsystemet og fører til betennelsar i blodårene, seier Greve-Isdahl.

– MIS-C kan oppstå anten i tilknyting til ein koronavirusinfeksjon, eller nokre veker etter ein infeksjon, legg ho til.

Det er likevel sjeldan at barn treng intensivbehandling for syndromet. Claus Klingenberg er tydeleg på at det er snakk om ein svært sjeldan tilstand.

– For størstedelen av born og unge gjev covid-19 få eller berre milde symptom, seier Klingenberg til NRK

Når mange nok blir smitta, kan ein derimot sjå ei auke i meir alvorlege komplikasjonar.

– Nokre få born kan bli sjuke direkte av infeksjonen, og nokre få kan få ein betennelsesreaksjon etter infeksjonen. For dei fleste som blir alvorleg sjuke finst det god behandling, seier Klingenberg.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken
Foto: Helse Bergen
kultur2

Kva er skilnaden på MIS-C og Kawasakis sjukdom?

MIS-C har nokre likskapar med ein annan betennelesreaksjon, nemlig Kawasakis sjukdom. Men kva er likt og ulikt mellom desse to tilstandane?

– Kawasakis sjukdom rammar oftast born i alderen 0–5 år, medan MIS-C som oftast rammar born i barneskulealder og ungdomar. Begge sjukdomane er kjenneteikna av vedvarande høg feber i meir enn 3 dagar og dårleg allmenntilstand hjå barnet, kan Greve-Isdahl i FHI fortelje.

– Medan dei med Kawasakis sjukdom ofte har utslett, hovne lymfeknutar og augebetennelse, ser ein meir magesmerter hjå born og unge med MIS-C. Ved undersøking finn ein ofte at dei med MIS-C har lågt blodtrykk, seier ho.

kultur3

Kor mange born er ramma av denne sjukdomen i Noreg?

Ifølgje Greve-Isdahl har det vore rapportert om 5–10 born som har eller mistenkast å ha denne tilstanden.

– Når det gjeld den meir kjende tilstanden Kawasakis sjukdom blir det i Noreg kvart år påvist 10–20 born i alderen under 5 år, seier ho.

kultur4

Kor alvorleg er MIS-C?

Sjølv om sjukdomen har god prognose, er den likevel alvorleg, ifølgje Greve-Isdahl i FHI.

– Sjukdomen er alvorleg fordi den krev sjukehusinnlegging og behandling, nokre gongar på intensivavdeling. Samtidig har tilstanden god prognose ved behandling, og dei fleste blir friske i løpet av 1–2 veker.

– Det viktigaste foreldre må vite er at dei alltid skal kontakte lege om dei har eit barn med høg feber og dårleg allmenntilstand, uavhengig av pandemiar, seier ho.

kultur5

Kva er behandlinga?

– Den består av å gje immunglobulin (antistoff), betennelsesdempande medisinar og behandling som lettar symptoma, seier Margrethe Greve-Isdahl.