Hopp til innhold

Frykta for mindre makt fører til trøbbel for regionreforma

Regjeringa har store planar om å gje fylka meir makt, men dei møter motstand på alle kantar. Den låge statusen til fylka kan vere grunnen.

Arendalsuka 2018

MØTER MOTSTAND: Terje P. Hagen og regjeringa sitt ekspertutval møter motstand når dei føreslår å flytte oppgåver frå stat til fylke.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Regjeringa har store planar om å styrke dei nye storfylka med nye oppgåver og arbeidsplassar, men det ser ikkje ut til at det blir så lett.

– Eg trur det handlar om makt. Folk fryktar at dei får mindre makt om dei blir flytta frå staten til fylka, trur Terje P. Hagen.

Han leia regjeringa sitt ekspertutval som tidlegare i år kom med forslag om kva dei nye storfylka skal styre med.

Utvalet foreslo mellom anna at fleire viktig kulturinstitusjonar, som Den Nationale Scene i Bergen, skal verte flytta frå statsbudsjettet til det nye Vestland fylke. Det vekte veldig negative reaksjonar.

Denne veka har vi høyrt at Vegvesenet absolutt ikkje har lyst til å gje frå seg ansvar og arbeidsplassar til dei nye fylka.

– Ja, eg har merka at forslag om å flytte oppgåver frå stat til fylke blir møtt med ein veldig skepsis. Ofte synst eg denne motstanden er litt rart, seier Hagen.

Han seier at det er eit paradoks. Han trur nemleg at grunnen til at fylka har så låg status, er at dei har så få oppgåver, og så er det denne låge statusen som gjer at det er vanskeleg å gje dei fleire oppgåver.

– Vi ser jo mellom anna på den låge valdeltakinga ved fylkestingsval at fylkesnivået er det nivået med minst politisk legitimitet, seier Hagen.

Han trur folk generelt er skeptiske til endring, men at den låge statusen til fylkeskommunane gjer det ekstra lite populært å bli flytta dit.

– Fylka gir meir demokrati enn staten

Ordførar i Fjaler og fylkestingsmedlem for Venstre, Gunhild Berge Stang meiner at å gje fleire oppgåver til fylka handlar om å gje folket meir demokrati.

– Fylka er jo nærare folket enn det staten er. Å styrke fylka handlar om å styrke lokaldemokratiet, og å motverke den sentraliseringa mot Oslo som no held på, seier Stang.

Hennar store frykt er at fylkesnivået skal bli lagt ned, slik mange borgarlege politikarar ønskjer.

– Då vil vi trenge mykje større kommunar enn det kommunereforma legg opp til no, og vi vil sjå ei mykje større sentralisering, trur Venstre-ordføraren.

Gunhild Berge Stang

LIKAR FYLKA: Gunhild Berge Stang frå Venstre likar fylkeskommunen godt, og meiner at den tilbyr meir demokrati enn det statlege nivået.

Foto: Josef Tveit / NRK

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) har vore ein leiarfigur i prosessen med å slå i lag Sogn og Fjordane til Hordaland. Ho er ein ivrig forkjempar for at fylka skal få fleire oppgåver, og ho meiner at fylka i verste fall vil forsvinne om dei ikkje får fleire oppgåver no.

– Høgre og Framstegspartiet ønskjer jo at vi berre skal ha kommunar, og om vi ikkje styrker fylka med nye oppgåver no, vil det fort gå den vegen, trur Følling.