Hopp til innhold

Ekspert trur Vegvesenet har rekna feil på trafikken over gigantbrua

Reknestykket viser ein overdriven venta trafikk på Noregs dyraste vegbru, meiner trafikkforskar.

Alternativ til fjordkryssing Hordfast

LANG BRU: Hordfast-brua mellom Os og Tysnes over Bjørnafjorden blir rundt fem kilometer lang.

Foto: Illustrasjon: Baezeni / Statens vegvesen

Reisetida mellom Stavanger og Bergen skal etter planen bli halvert når «ferjefri E39» ein gong i framtida kan stå ferdig.

Hordfast er ein av dei mest ambisiøse – og kostbare – bitane av prestisjeprosjektet. Aleine skal dette erstatta tre ferjesamband mellom Stord, Tysnes og Os i Hordaland.

I beste fall blir prislappen under 30 milliardar kroner.

Men kor mykje bilistane må betala i bompengar for å køyra over dei nye bruene, er framleis i det blå.

Planen: Dobbelt så mykje trafikk

Ein av bomtakstane som er blitt presentert, er på 350 kroner, gjort av Interesseorganisasjonen Hordfast AS. Dei jobbar for å få utbygginga vedtatt og realisert.

Men då Vegvesenet rekna ut den såkalla «nettonytten» av prosjektet, tok dei berre 270 kroner inn i kalkylane.

Med den bomtaksten kom dei fram til ei gjennomsnittleg trafikkmengd kvart døgn (ÅDT) på 7000 køyretøy det året Hordfast blir opna.

Det er ganske nøyaktig dobbelt så mange køyretøy som i dag trafikkerer dei tre ferjesambanda Hordfast skal erstatta.

Talgrunnlaget får Harald Minken ved Transportøkonomisk institutt (TØI) til å reagera.

– 7000 i døgeret verkar veldig optimistisk, for å seia det mildt. Det er all grunn til å vera skeptisk til desse reknestykka.

Halhjem-Sanvdvikvåg2

STØRST: I dag må folk ta ferje på Halhjem-Sandvikvåg mellom Os og Stord. Dette er det tredje mest trafikkerte ferjesambandet i landet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kan bli for lite bominntekter

Minken forskar på samfunnsøkonomisk nytte av samferdselsprosjekt.

Han meiner høge bomtakstar vil hindra ein slik dobling i trafikken. Minken trur dermed ikkje bominntektene vil kunna dekka nok av prosjektet.

Fredag kunne NRK fortelja at analysen som inkluderte bompenge-effekten ikkje var med i sakspapira då Stortinget behandla Nasjonal Transportplan (NTP) i fjor, eller då Hordfast-prosjektet var ute på høyring.

Norges Miljøvernforbund reagerte og meinte effekten av bompengar var sett unaturleg lågt.

Vedgår lågt tal

Senioringeniør Erik Johannessen i Statens vegvesen har gjort nytteanalysen av Hordfast.

Han har følgd retningslinjene staten har for slike reknestykke (sjå faktaboks):

– Utfordringa var å anslå ein bomtakst når Hordfast skal erstatta tre ferjesamband som har heilt ulik trafikkmengd og heilt ulik lengde, seier han.

I anslaget er 270 kroner tenkt som 210 kroner i bompengar på bru over Bjørnafjorden og resten på bomstasjonar andre stader.

Johannesen vedgår at med 40-prosentregelen er 270 kroner eit for lågt anslag for dei som køyrer heile Hordfast-strekninga på E39.

– Om ein legg E39-trafikken som i dag tar ferja Halhjem-Sandvikvåg, blir den moglege bomtaksten på 270 kroner for låg. Men for trafikken mellom Tysnes og Os blir den for høg.

– Fleire faktorar påverkar trafikken

Ikkje alle vil gå med på å snakka om moglege reknefeil.

Ifølge Vegdirektoratet er bompengetaksten på 270 kroner ikkje brukt i nokre offisielle rapportar.

Dei påpeikar også at det talet har tatt omsyn til at dei kortare ferjesambanda Våge-Halhjem og Jektevik-Hodnanes har billegare billettar enn Halhjem-Sandvikvåg.

– Dermed er 270 kroner ikkje så langt unna 40-prosentregelen, seier Oskar Kleven, leiar for Vegdirektoratet sin transportanalyse og samfunnsøkonomi i NTP.

Han seier årsdøgntrafikk på 7000 køyretøy uansett ikkje berre er styrt av bomtaksten.

– Også økonomisk vekst, befolkningsvekst og mange andre faktorar påverkar trafikkveksten. Men uansett er det mykje usikkerheit i slike utrekningar.