Hopp til innhold

Eks-ordførar meiner sognekommunane burde ha skjerpa seg

Ex-ordførar Olav Lunden i Leikanger refsar etterfølgjaren sin og hans kollegaer når draumen om ein storkommune i Sogn no er i ferd med å visne hen.

Jarle Aarvoll og Olav Lunden

RETT I MÅL: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll og tidlegare ordførar i Leikanger, Olav Lunden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lunden sat med ordførarkjeda i 12 år. På tampen var han med på arbeidet med ein storkommune i Sogn med alle kommunane. No står fleire kommunar utanfor det pågåande arbeidet.

– Eg meiner at når ordførarane i sognekommunane samlast, så burde dei greidd å lage ein intensjonsavtale som innbyggarane i Sogn så fekk røyste over, seier Lunden.

Vart ikkje samde

I Sogn er det i dag fleire alternativ for kommunesamanslåing, men ingen som samlar alle sognekommunane. Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal seier det ikkje var mogleg at så mange kommunar kunne bli samde om alt.

– Vik og Sogndal meinte at detaljgraden vart for stor, i tillegg til at ein måtte bygge opp eit ganske stort byråkrati. Så diverre vart det ikkje noko større, seier Aarvoll.

– Så får ein vere usamde om innhaldet i ulike deler, men dei burde ha greidd å lage ein intensjonsavtale slik at folk i Sogn fekk lov å røyste over om vi skal ha ein sognekommune, eller ikkje, seier Lunden.

Roy Egil Stadheim, Jarle Aarvoll Jon Håkon Odd og Harald Offerdal

ORDFØRAR PÅ FOLKEMØTE: Frå venstre: fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim, ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd og ordførar i Balestrand, Harald Offerdal

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Folkemøte

Snart skal innbyggjarane i Leikanger seie si meining om å slå seg saman med Vik, Balestrand og Sogndal til Sogn kommune. Torsdag var det folkemøte der innbyggarane kunne stille spørsmål til dei fire ordførarane.

I debatten stilte alle partia i Leikanger, bortsett frå Høgre. Senterpartiet ville seie nei til samanslåing, nesten uansett resultat i den varsla folkerøystinga. SV ville sjå resultatet av folkeavstemminga før partiet tar stilling. Venstre ville seie ja, uavhengig av resultat. Eit splitta Ap, leia av ordførar Jon Håkon Odd som ønskjer storkommunen velkommen, sit dermed på nøkkelen.

– Vi har heile tida visst at det er Arbeidarpartiet som kjem til å sitte med nøkkelen, seier Odd.

Fryktar å bli slukte

Frykta i Leikanger er at Balestrand og Vik skal trekkje seg ut, og at Leikanger skal bli slukt av storebror Sogndal. Denne frykta delar også sitjande ordførar Odd.

– Det einaste Arbeidarpartiet har sagt er at samanslåing mellom Sogndal og Leikanger åleine er uaktuelt, seier Odd.

– Kvifor det?

– Det har eit årsmøte i Arbeidarpartiet bestemt. Det har med frykta for ein storebror, eit stort regionsenter i aust, å gjere.

Storebror Sogndal var også til stades. Men ordførar Jarle Aarvoll meiner dette ikkje er ei problemstilling.

– Eg har tru på at vi gjennom det arbeidet vi har gjort, og skal gjere framover, så vil folkerøystingar og dei respektive kommunestyra ta sine avgjerder, seier Aarvoll.