Om Stortingsvalet skulle avgjerast i dag ville meir enn éin av ti stemt på Senterpartiet. Det er dobbelt så mykje som for eit halvt år sidan.
– Me tek ingenting for gitt, men ei så god måling er ein veldig god start på valkampen, sa Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum då han parkerte turnébussen ved Arna stasjon i Bergen onsdag.
- Les også:
Vedum på kryss og tvers
Sp-leiaren har lagt bak seg eit forrykande halvår, og er i desse dagar på valkampturné gjennom alle Noregs 19 fylke. I juni noterte partiet årsbeste på Norstats måling.
– Eg trur folk flest ynskjer at tenestene skal vera nær folk. I diskusjonen om kommunereform og nasjonalt eigarskap har me vore ei tydeleg røyst, og så har regjeringa valt det motsette, seier Vedum og takkar dermed regjeringa for framgangen.
Etter den kraftige Sp-vinden som har herja sidan november i fjor, peikar dei fleste på Vedum som mannen som kan sikra Støre nøkkelen til statsministerbustaden.
- Les også:
På vippen i fleire fylke
Men i tillegg til statsrådspostar ligg Senterpartiet an til å vinna fleire plassar på Tinget.
Siste gjennomsnitt av målingar frå Poll of polls gir Senterpartiet to mandat i Hordaland. Høgre får tre og Framstegspartiet får to. Om utfallet blir det same etter valnatta 12. september, er Høgre sin posisjon i heimfylket til Erna halvert.
Og slik er tonen i fleire fylke (sjå tabell nedst i saka).
Dersom målingane frå juni er representative, vil Hordaland få to Sp-kandidatar på Stortinget for første gong sidan 1993. Tidlegare leiar i Noregs bondelag, vossingen Nils T. Bjørke, ligg an til å få plass på Løvebakken.
– Eg har stor tru på at Bjørke vil få plass på Stortinget, og trur han vil bli ein sterk nasjonal profil, seier Vedum.
- Les:
Sentrum vs. periferi
– Slik målingane ser ut no er Sp i ferd med å gjera sitt beste stortingsval på 24 år. Dei plukkar stemmer frå heile det politiske spekteret, men flest frå folk som før har stemt Ap og Høgre, seier Johan Giertsen, Høgre-mannen bak den partinøytrale målingsnettstaden Poll of Polls.
Giertsen seier det er lenge sidan debatten om sentrum-periferi har stått så sterkt i Noreg.
– Det er den eine saka Sp har mobilisert på. Veljarar som i fjor og tidlegare ville ha sagt H eller Ap, svarar no at dei vil stemma Sp.
Arbeidarpartiet går tilbake
Arbeidarpartiet, som går litt tilbake i juli, lekk fleire veljarar til Sp enn dei har gjort tidlegare, meier Giertsen.
Men Vedum vil ikkje kommentera at Sp stel veljarar frå den potensielle regjeringspartnaren.
– Me er tydelege på at me ynskjer ei Ap/Sp-basert regjering over tid for å utjamna sosiale og geografiske skilnader. Til sjuande og sist er det opp til veljarane å bestemma kvar makta vil ligga.