Hopp til innhold

Eitt år med høge straumprisar: – Det kan eigentleg ikkje verta verre

For eitt år sidan var straumen rekorddyr. Då kosta han rett over 1 kroner per kWt.

Straumprisar i Sør-Noreg

DYRT: Prisen på straum har gått ein veg det siste året. Oppover.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

6. september 2021, altså for eitt år sidan, vart det meldt om tidenes dyraste straummånad i Noreg. Då prisen i byrjinga av september bikka 1,10 kroner per kWt, skildra NRK prisane som «ko-ko».

Sidan den gong har prisane gått i taket. Analytikar har spådd at prisen i Sør-Noreg kan komma over 20 kroner per kWt i løpet av vinteren.

– Det var ingen som såg dette komma, seier Erik Spildo, divisjonsdirektør i Eviny.

Prisane i taket

I september i fjor var han intervjua om den rekordhøge straumprisen på Vestlandet sør for Sognefjorden, som då var på rett over éi krone per kWt. Sist veke kosta ein kilowatt med straum over fem kroner i same område.

– Sidan den gong har det skjedd veldig mykje som både har påverka straumprisen og debatten i samfunnet, seier han.

Den gongen var forklaringa på høg straumpris lite nedbør på Vestlandet. I dag er forklaringa mykje meir samansett, ifølgje Spildo.

– Hovudårsaka er energisituasjonen i Europa med for lite gass. Når det er for lite av noko, vert ting dyrt, forklarer han.

Gassprisen betyr mest

Prisen på gass har også skote i vêret, på same måte som straumprisane.

– Det starta i fjor haust, med mindre levering av gass frå Russland til Europa. Deretter har krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland forsterka dette, seier Spildo.

At det er lite vatn i sørnorske magasin meiner han ikkje har så stor innverknad på prisen.

– Det påverkar litt, men hovudårsaka er energisituasjonen i Europa. I ein normalsituasjon ville prisen på kraft ha vore høg, men ikkje så høg som det ein ser no. Kanskje ein stad rundt 60–70 øre per kWt, fortel han.

NHH-professor: – Nærmar oss pristoppen

Mette Helene Bjørndal er professor ved Noregs handelshøgskole, NHH.

Ho peiker også på ein hovudårsak til at straumprisane i deler av Noreg og Europa har gått kraftig opp det siste året.

– Hovudårsak er gassprisen, som er ein referanse i energimarknaden. Dei gassprisane me ser no er heilt vanvitige, seier ho.

Mette Helene Bjørndal, professor ved Norges Handelshøyskole.

Mette Helene Bjørndal er professor ved NHH. Ho meiner at gassprisane no nærmar seg toppen, sidan røyrleidningen North Stream er stengt.

Foto: Marit Hommedal / NHH

Vidare nemnar ho fyllingsgraden i norske vassmagasin, som mange stader er på eit rekordlågt nivå.

– Kva vil skje vidare utover med straumprisane?

– Det er veldig vanskeleg å spå. Men no er jo i praksis gassleidninga North Stream stengt. Og då kan det eigentleg ikkje verta verre, svarar ho.

Men regnet må snart komma. Vêret vil spela ein viktig rolle framover.

– Tidlegare i sommar håpte eg på dårleg vêr. Og det hadde me, utan at det har hjelpt så mykje. Det hjelper heller ikkje at halve september no går utan nedbør, fortel ho.

Billig i nord

I Nord-Norge er situasjonen stikk motsett. Der har prisane på straum gått ned sidan i fjor på denne tida. Noko av forklaringa er manglande overføringskapasitet mellom nord og sør.

Kva som skjer vidare utover vinteren er eit stort spørsmål. Erik Spildo i Eviny meiner Noreg er betre rusta enn mange andre land for å møta situasjonen.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har mellom anna lovd straumstøtte for alle hushaldningar ut 2023.

– Men store deler av næringslivet står i ein utfordrande situasjon, legg Spildo til.

Bjørndal meiner krigen i Ukraina er nøkkelen til normalisering av energiprisen i Europa.

– Det er ingen som kan føresåg kor lenge krigen skal vara, seier NHH-professoren.