Eitt år for innbrot og narkobruk

Ein mann frå Nordfjord er dømd til eitt års fengsel for narkotika- og vinningskriminalitet.

Mannen, som er i 30-åra, skal ha brote seg inn på skular, barnehagar og i bilar i Sunnfjord. Tjuvgodset har han prøvd å selje vidare.

Han er også dømd for å ha brukt og oppbevart narkotika ei rekkje gonger.