Geir Eithun. Arkivfoto NRK
Det betyr eit nytt løft i proffkarriera , meiner førdianaren.
Kjem frå Corigliano
Geir Eithun debuterte som profesjonell volleyballspelar i den italienske serie-a-klubben Corigliano i vår og spelte ut sesongen for det søritalienske laget som enda på åttandeplass i serien.
Målet er fast plass
No har sunnfjordingen teikna kontrakt med naboklubben Gioia Del Colle, som rykte ned frå toppserien i vår. Ambisjonane til sunnfjordingen er å spele seg til fast plass i førsteseksaren til det tidlegare toppserielaget
Ikkje løna som tel
Sjølv om ikkje lommeboka blir så veldig feit, er det sportslege utbytet av å spele i ein av dei hardaste volleyballigaene i verda motivasjon god nok, meiner sunnfjordingen.