Hopp til innhold

Semifinalen glapp for Eithun og Horrem - tok 5. plass i EM

Geir Eithun og Iver Horrem tapte kvartfinalen mot Latvia, og er dermed ute av EM. Men ein 5. plass er eit heiderleg resultat.

EM Beachvolleyball Geit Eithun Iver Horrem

PÅ 5. PLASS: Iver Horrem og Geir Eithun hamna til slutt på 5. plass i EM i beachvolleyball.

Foto: Joe Scarnici / Afp

– Vi gjorde ikkje ein god nok kamp. Vi var nesten der, men det var ikkje nok, seier Geir Eithun til NRK.no.

Den norske duoen tapte med settsifra 21-15 og 21-13 mot latviarane Smedins og Samoilovs, som er nummer to på verdsrankingen i 2013, og førsteseeda til turneringa.

Den norske duoen har likevel gjort ein god innsats i EM, og målsetjinga om å komme på topp ti-lista har dei klart med 5. plassen.

– Vi er godt nøgde med resultatet i EM, men ein blir alltid skuffa når ein ryk ut, seier Eithun.

Betre enn dei hadde håpa

Over 40 grader og steikande sol, gjorde forholda krevjande.

– Vi hadde ikkje same trøkket i denne kampen, som vi har hatt i dei tidlegare kamapane. Samtidig gjer Latvia ein god kamp, og når det først glepp for oss, så glepp det, seier Eithun.

Men han er klar på at ein 5. plass i EM eigentleg er meir enn dei hadde sett seg som mål.

– Det er meir enn vi hadde venta. Og vi hadde også ein 5. plass i Grand Slam-turneringa førre veke, så vi er på gang, seier Eithun.

Vurderer Grand Slam i Berlin

No skal karane evaluere EM-innsatsen, før dei gjer seg opp ei meining om neste trekk. Grand Slam-turneringa i Berlin startar neste veke, men om dei stiller til start, har dei ikkje avgjort endå.

– Vi skal gjere opp status, og ikkje minst kjenne etter korleis kroppen er etter turneringa. Ryggen er ikkje heilt god, men vi får sjå, seier Eithun.

Uansett sit både Eithun og Horrem att med gode kjensler etter EM.

– Det har vore ei stor oppleving. Dette er verdas beste beachvolleyballarrangement, så det har vore heilt fantastisk å oppleve det på nært hald, seier Eithun.