Hopp til innhold

Eit steg nærmare gigantkommune

Dei ni kommunane som møttest i dag vil halde fram drøftingane om ein storkommune i Sunnfjord, men alle held på retten til å kunne flørte med andre.

Møte kommunesamanslåing Førde

FULLT HUS: Då formannskapa i dei ni kommunane diskuterte samanslåing i dag.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Kan Jølster, Førde, Naustdal, Gaular (litle-SIS), Hyllestad, Askvoll, Fjaler (HAF) og Gloppen bli ein storkommune med nesten halvparten av innbyggjarane i fylket?

Det var temaet då formannskapa i alle desse kommunane møttest i dag. Flora-ordførar Bengt Solheim Olsen har vanskeleg for å sjå at alle ni i framtida blir ein kommune, men er likevel med på vegen vidare.

– Det er eit klart fleirtal i formannskapet for greie ut Sunnfjord-kommunen vidare. Går bystyret for det, som alt tyder på, er det fordi vi trur det er eit realistisk alternativ, seier Flora-ordførar Bengt Solheim Olsen (H).

Vil ikkje låse seg til eit alternativ

Før dei ni kan gå vidare med ei utgreiing, og planlegging av det praktiske i ei samanslåing, skal alle kommunestyra vedta at dei ønskjer å vere med. Som i Flora, er også formannskapa i Gloppen og Fjaler er lystne på å finne ut om ein storkommune i Sunnfjord er det rette alternativet for dei. Begge vil ta diskusjonen vidare.

Men alle kommunane utanfor litle-SIS, held på retten til å gå vidare med andre alternativ.

– Det er ingen tvil om at vi ønsker å føre parallelle løp langs kysten. Per i dag ventar vi litt på Bremanger, seier Florø-ordføraren.

– Vi har ein intensjon om å ha eitt spor nordover og eitt spor sørover. Ni kommunar er veldig stort, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp).

– Vi er, som Anders Ryssdal, skeptiske til at dette kan bli for stort, og vil også gå vidare med HAFS alternativet, inkludert Solund. Det same signaliserte Hyllestad og Askvoll, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap)

Bengt Solheim Olsen, Arve Helle, Anders Ryssdal og Olve Grotle

HELD FRAM: Bengt Solheim Olsen (Florø), Arve Helle (Fjaler), Anders Ryssdal (Gloppen), Olve Grotle (Førde) og dei andre fem kommunane vil halde fram drøftingane om storkommune.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Ei stemme mot Oslo

For Helle meiner det er ein reell fare for å bli for store.

– Eg er redd lokaldemokratiet kan bli skadelidande. Små kommunar har ei viktig rolle som samfunnsutviklar, og eg er redd den delen kan drukne litt dersom avstandane blir for store, seier han.

Olve Grotle (H) er samd med Helle, og ser at det finst ulemper med ein storkommune, men meiner fordelane langt overgår problema.

– Det vil vere ein veldig sterk kommune når det gjeld samfunnsutvikling. Stemma vår kan bli høyrt i Oslo på ein heilt annan måte enn i dag. For meg er det viktigaste at ein storkommune kan vere ei sterk stemme mellom Bergen og Ålesund, og det treng fylket vårt, seier Førde-ordføraren.

Folkerøysting?

Grotle meiner dei no har kome så langt i prosessen at dei ni kommunane som no har sagt ja til å vere med vidare i utgreiingane og diskusjonane, må meine det.

Men fleire stader kan det vere at politikarane gir frå seg makta, og let den endelege avgjerda vere opp til folket. Fleire ordførarar, mellom andre dei frå Gloppen og Gaular, signaliserte at dei ville vurdere folkerøysting.

– Folkerøysting må vi kome tilbake til. Det blir uansett brei involvering av innbyggjarane, med høyringar, folkemøte og slike ting. Dette skal ikkje vi som politikarar skal avgjere åleine, seier Bengt Solheim Olsen.