Hopp til innhold

Eit nytt tap for Florø fotball

Det var Florø som tok initiativet i bortekampen mot Kongsvinger i kveld, men det enda med endå eit tap for florøværingane.

Vegar Gjermundstad og Runar Hove

NYTT TAP FOR FLORØ: Med tap mot Kongsvinger har Florø tapt 5 kampar så langt denne sesongen. Biletet er ikkje frå kveldens kamp.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er synd på spelarane i dag, for vi spelar ein god bortekamp. Vi har marginane mot oss, det seier trenar Terje Rognsø etter kampen.

Det var Christopher Lindquist som sende Florø opp i leiinga etter 39 minutt på Gjemselund stadion i Kongsvinger. Gleda skulle vare til eit stykke ut i andre omgang, for etter 59 minutt utlikna Mats Cato Moldskred for heimelaget.

Det var enda verre for dei blåsvarte då Maikel gjorde 2–1 for Kongsvinger.

– Dette er ikkje noko kjekt, for vi har så mange sjansar som vi burde score på, så dette er veldig surt, seier Rognsø.

Mista leiinga etter keepertabbe

Målet som sende heimelaget i føringa var etter ein keepertabbe av Florø sin danske keeper Frenderup. Alt i alt var det likevel ein jamn kamp, sjølv om Kongsvinger dominerte mest i andre omgang.

Med tap i dag står Florø med berre sju poeng etter ti kampar, det tyder at berre ligg fem poeng framfor Fredrikstad på aller siste plass.

– Det er ei gigantisk keepertabbe som gjer at vi hamnar under, elles er vi det beste laget, og burde klare å vinne her.

– Heilt vanvitig at vi har fire tap

Dei fire siste kampane sit Florø att med 0 poeng. Det tykkjer Terje Rognsø er heilt utruleg.

– Det er heilt vanvitig at vi har null poeng på dei fire siste kampane, for vi har spelt bra og har ikkje utnytta sjansane våre godt nok. Vi må bli mykje råare framfor boksen.

Petter Aase ute med skade

Florø har mange viktige spelarar ute med skade før kampen i kveld, og no under kampen måtte også den viktige spelarar Peter Aase ut.

– Han har fått ein strekk i ein muskel bak kneet, og vi fryktar vel at det han er ute ei stund. Det ser ikkje heilt bra ut.

Og broren hans, Stefan Aase, var i det 86. speleminutt involvert i det Rognsø meiner burde gitt Florø ei straffe.

– Det var ei soleklar straffe då med Stefan Aase, og det er surt at vi stadig har slike marginar mot oss. Det er så mykje som ikkje går vår veg no. Med dette tempoet er vi på full veg mot nedrykk, seier Rognsø.

Laster innhold, vennligst vent..