Hopp til innhold

Eit kort ord skaper forvirring om fiskerihamnene

I fjor fekk fylkeskommunane ansvaret for fiskarhamnene. No vil regjeringa at staten skal overta. Eller kanskje ikkje.

Myre fiskerihavn

REGIONREFORM: Som eit ledd i regionreforma vart dei statlege fiskerihamnene overført til dei nye regionane frå og med 1. januar 2020, etter avtale med den enkelte region.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Ved overgangen til 2020 vart ansvaret for norske fiskerihamner overført frå staten til fylkeskommunane, til protestar frå mellom anna Senterpartiet.

Hurdalsplattforma inneheld difor eit løfte om å føre tilbake ordninga og på ny «gjere fiskarhamnene til eit statleg ansvar».

Rett nok «i dialog med dei råka fylkeskommunane». Men kva tyder det?

Er atterhaldet «dialog» eit signal om at regelen om «statleg ansvar» ikkje er absolutt?

Forvirringa gjer at Norske Havner, Noregs Fiskarlag, Sjømat Noreg, Noregs Kystfiskarlag og Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK) har bedd om eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet.

– Så langt har vi ikkje fått noko svar, seier Kjell-Olav Gammelsæter, direktør i Norske Havner, som er interesseorganisasjonen til fiskerihamnene.

Andenes fiskerihavn, Andøya kommune i Nordland

OPPSIKTSVEKKANDE: Liv Kari Eskeland (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen seier at det «oppsiktsvekkjande» om Hurdalsplattforma inneheld formuleringar som regjeringa ikkje har «tenkt ferdig».

Foto: Tommy Larsen

– Stor forståing for frustrasjonen

I alt er det om lag 800 fiskerihamner i Noreg.

– Vi har ikkje fått signal om korleis dette skal handterast. Så vi håper rett og slett at vi kan få nokre svar, seier Anna Ljunggren, dagleg leiar i NFKK.

Liv Kari Eskeland (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget er mindre tolmodig. Ho seier til NRK at det er «oppsiktsvekkjande» om Hurdalsplattforma inneheld formuleringar som regjeringa ikkje har «tenkt ferdig».

– Usikkerheita dette skaper er svært unødvendig, og eg har stor forståing for frustrasjonen som no har oppstått.

I eit skriftleg spørsmål ber ho statsråden avklare kva som ligg i ordet «dialog» og om det vert mogleg å vidareføre eigarskapen til fiskerihamnene for dei fylkeskommune som måtte ynskje det.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har ikkje svart på spørsmålet frå Eskeland.

Han har heller ikkje svart på NRK sine spørsmål.

Ap-nestleder Bjørnar Skjæran

FISKERIMINISTER: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) vert skulda for å skape forvirring om fiskerihamnene.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Departementet jobbar med å avklare ansvaret

– Vi ønskjer å ha ansvaret for hamnene, seier Jon Askeland, som er fylkesordførar i Vestland, som fekk ansvaret for 99 fiskerihamner da eigarskapen vart overført for snart to år sidan.

Askeland legg til:

– Eg tolkar Hurdalserklæringa slik at fiskerihamnene som fylka ikkje vil eiga, skal gå tilbake til staten etter dialog mellom det einskilde fylket og staten.

Det fylka sør for Stad som i dag har tatt over ansvaret for fiskerihamnene. Ingen fylke nord for Stad signerte avtalen om overdraging av fiskerihamner i 2020. I desse tilfella er det framleis staten, ved Kystverket, som har eigarskapen.

Olav Helge Matvik er seniorrådgjevar i Kystverket

– Vår forståing er at departementet jobbar med å avklare ansvaret og korleis denne prosessen skal gå føre seg, seier han.

Berlevåg havn

IKKJE SAMD: Sammy Olsen (Sp) seier at det har vore ei «god løysing» å gje hamnene til fylka, og er ikkje samd med partikollegaene som vil at staten skal overta.

Foto: Allan Klo / NRK

– Vil ikkje tilbake til den gamle ordninga

Sammy Olsen (Sp) er ordførar i Bømlo kommune. Han seier til NRK at det har vore ei «god løysing» å gje hamnene til fylka, og er ikkje samd med partikollegaene som vil at staten skal overta.

– No er det demokratiet i distrikta som styrer, og vi vil ikkje tilbake til den gamle ordninga, seier han.

Monica Sande er hamneleiar i Bremanger, nokre timar med hurtigbåt nord for Bømlo.

Ho etterlyser «ein heilskapleg gjennomgang av fiskeri- og sjømathamnene», men legg til at «fylkeskommunen har handtert verksemdoverdraginga godt».

– Men det følger med altfor lite øyremerka midlar med oppgåvene som no ligg hjå fylket.